Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Berekraftig reiselivChevronRight
  4. Kva meiner vi med berekraft?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva meiner vi med berekraft?

Her presenterer vi kva vi meiner med berekraft, og kva eit berekraftig reiseliv inneber for natur, kultur og økonomi.

Silhuett av person som ser på nordlys. Foto.

Omgrepet berekraftig utvikling (engelsk: sustainability) blei første gong brukt i Brundtlandsrapporten Vår felles framtid (1987):

«Utvikling som imøtekommer dagens behov uten å ødelegge mulighetene for at kommende generasjoner skal få dekket sine behov».

Eit berekraftig reiseliv tek omsyn til natur, kultur og økonomi i lokalsamfunnet. Vi kan seie at det har tre pilarar: økologi, økonomi og sosiale forhold.

Berekraftig norsk reiseliv

Noreg ønskjer å ta ein leiarposisjon i utviklinga av eit berekraftig reiseliv. I regjeringas strategi for utviklinga av Noreg blir berekraftige reisemål sett som ein føresetnad for reiselivsnæringa.

I prosjektet Bærekraftig Reiseliv 2015 har Innovasjon Noreg laga ei liste med tiltak som skal auke berekrafta i reiselivet. Tiltaka kan grupperast i tre hovudområde.

1. Vern av natur, kultur og miljø

les meir

Kulturell rikdom – å respektere, vidareutvikle og framheve lokalsamfunnets historiske kulturarv, autentiske kultur, tradisjonar og særpreg.

Landskapets fysiske og visuelle integritet – å verne om og vidareutvikle landskapskvalitet, for både by og bygd, slik at landskapets fysiske og visuelle integritet ikkje blir degradert.

Biologisk mangfald – å støtte vernet av naturområde, dyreliv og habitat og å minimere øydeleggingar av desse.

Reint miljø og ressurseffektivitet – å minimere reiselivsbedrifters og turistars forureining av luft, vatn og land (inkludert støy) og å minimere forsøplinga og forbruket av knappe og ikkje-fornybare ressursar.

2. Styrking av sosiale verdiar

les meir

Lokal livskvalitet og sosiale verdiar – å verne om og styrkje livskvaliteten i lokalsamfunnet, inkludert sosiale strukturar, tilgang til ressursar, fasilitetar og fellesgode for alle, og å unngå alle former for sosial degradering og utnytting.

Lokal kontroll og engasjement – å engasjere og gi kraft til lokalsamfunnet og lokale interessentar med omsyn til planlegging, avgjerdstaking og utvikling av lokalt reiseliv.

Jobbkvalitet for reiselivstilsette – å styrkje kvaliteten på reiselivsjobbar (direkte og indirekte), inkludert lønnsnivå og arbeidsforhold utan diskriminering ut frå kjønn, rase, funksjonshemmingar eller andre faktorar.

Gjestetilfredsheit og sikkerheit; opplevingskvalitet – å sørgje for trygge, tilfredsstillande og givande opplevingar for alle turistar uavhengig av kjønn, rase, funksjonshemmingar eller andre faktorar.

3. Økonomisk levedyktigheit

les meir

Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsdestinasjonar gjennom lokal verdiskaping – å sikre levedyktigheita og konkurransedyktigheita til reiselivsdestinasjonar i eit langsiktiv perspektiv gjennom å maksimere verdiskapinga i lokalsamfunnet, inkludert kva turistane legg igjen av verdiar.

Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsbedrifter – å sikre levedyktigheita og konkurransedyktigheita til reiselivsbedrifter i eit langsiktig perspektiv.

Læringsressursar

Berekraftig reiseliv