Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Driftsrutinar på eit hotellChevronRight
  4. Bestilling av lokal transportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bestilling av lokal transport

Å sørgje for transport til gjestene er ofte resepsjonen si oppgåve – til dømes å bestille taxi, minibuss, charterbuss, eller å sørgje for god informasjon om kollektivtransport.

Drosjer på drosjeholdeplass i Oslo. Foto.

Kollektivtransport

Tett kommunikasjon med lokale transportørar er ei viktig oppgåve for dei fleste hotell. Sidan mange større grupper reiser med rutegåande kollektivtransport, er det viktig å koordinere alle aktivitetar ut frå dei.

Taxi og charterbuss

Samtidig er det mange som skal ha taxi eller charterbuss frå hotell til terminal. Når ein destinasjon kanskje har tusen sengeplassar og ti–tolv taxiar, vil det seie at ein må samordne behovet for drosjer. Innspel frå hotella er også viktig når drosjesentralane planlegg kapasiteten på dag- og vekebasis.

I Noreg er talet på taxiar regulert gjennom ei løyveordning. Dette skal på den eine sida sikre god lokal kapasitet og på den andre sida sikre akseptable rammer for økonomisk og stabil drift for kvar taxi. Løyveordninga sikrar også same prisen til kunden. Andre land har deregulert desse ordningane og har større mangfald når det gjeld utøvarar og prising. Også maksitaxiar og charterbussar har tilsvarande løyveordningar.

Læringsressursar

Driftsrutinar på eit hotell

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter