Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Driftsrutinar på eit hotellChevronRight
  4. Event managementChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Event management

På mange hotell, særleg dei litt mindre, får resepsjonen ansvar for å koordinere tiltak i samband med større arrangement.

Konferanse med hvitvinsglass i forgrunn. Foto.

Opplevingar og servicetilbod

Dei aller fleste hotell lagar ulike pakkar av opplevingar og servicetilbod til alt frå enkeltgjester til store konferansar.

Mange av dei større hotella har eigne stillingar eller avdelingar som handterer koordineringa av slike oppgåver, det vi kallar «event management».

På mindre hotell er det ofte resepsjonen som får ansvar for å koordinere arbeidet i hotellet og utover mot eksterne leverandørar og samarbeidspartnarar.

Kompetansemålet «koordinere interne og eksterne aktørar rundt opphaldet til gjesten» viser at ein resepsjonist skal kunne handtere denne rolla.

Interne aktørar

Med interne aktørar er meint dei ulike tilsette på eige hotell og ansvarsoppgåvene deira. Særleg viktig er koordineringa mellom kjøkken, konferanseavdeling og husøkonom. Dei fleste arrangement opplever at tidplanar må forskyvast, talet på gjester endrast og spesielle behov blir klarlagde på eit seinare tidspunkt enn vi skulle ønskje oss.

Eksterne aktørar

Eksterne aktørar leverer store og små bidrag til eit destinasjonsprogram. Om du er resepsjonist på eit lite hotell, kan du ha ei svært stor lokal kontaktflate mot slike aktørar.

Leverandørar av kortreist mat kan trenge tette oppdateringar for å kunne levere riktig volum til riktig tid.

Leverandørar av opplevingar treng på same måten å tilpasse og oppdatere bidraga sine.

Lokale turistguidar treng kanskje informasjon om ønskt språk, fysiske handikap og kulturelle særtrekk.

Læringsressursar

Driftsrutinar på eit hotell

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter