Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Driftsrutinar på eit hotellChevronRight
  4. Inn- og utsjekkingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Inn- og utsjekking

Ved inn- og utsjekking er det fleire rutinar som skal gjennomførast: orientere gjestene om servicetilboda på hotellet, levere ut nøkkelkort, informere om betaling og så vidare.

Gaustad Hotell. Foto.

Kommunikasjon med gjestene

Under kompetansemålet «kommunisere munnleg og skriftleg med gjestene, også på engelsk» ligg kanskje den største delen av dei daglege arbeidsoppgåvene til ein resepsjonist. Nesten alle gjester har direkte kontakt med resepsjonen ved inn- og utsjekk. Dei aller fleste har også ulike kontaktar under opphaldet.

Innsjekking og informasjon

Ved innsjekk sjekkar du betalingsavtalen. Dei aller fleste bruker kort, anten dei skal betale opphaldet sjølv eller få det refundert hos arbeidsgivar. Kortet blir registrert på førehand og blir slik både ein betalingsgaranti og ein identifikasjon av gjesten.

Du avklarar spesielle romønske og informerer om kvar rommet ligg, frukosttid, andre serveringstilbod og avsluttar med å sjekke ut om gjesten treng informasjon om noko anna i eller utanfor hotellet. Du fortel kanskje at hotellet låner ut syklar, tilbyr rabatt i badeland og informerer om spa og lokale trim- og turalternativ. For gjester som manglar fordelskortet til kjeda, tilbyr du å opprette eit slikt kort med opptening frå same dagen.

Under opphaldet får du ofte førespurnader som tek utgangspunkt i den første kontakten. Gjester som opplever at resepsjonsmedarbeidarane er aktive formidlarar, får ein lågare terskel for å spørje om hjelp og råd.

Utsjekking

Utsjekk handlar først og fremst om kvalitetssikring og gjensal. Viktige oppgåver er avklaring av sluttrekning, medrekna opptening av bonuspoeng, bestilling av taxi og informasjon om buss-, ferje- eller køyreruter.

Læringsressursar

Driftsrutinar på eit hotell

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter