Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Driftsrutinar på eit hotellChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Driftsrutinar på eit hotell

Ein av dei mest sentrale oppgåvene til ein resepsjonist på eit hotell er inn- og utsjekk. I tillegg har resepsjonisten mange andre serviceoppgåver overfor gjestane. Til dømes kan dei hjelpe til med å bestille taxi. Resepsjonisten koordinerer også ofte arrangement i og utanfor hotellet.

Gjest snakker til en kvinnelig resepsjonist. Foto.

Resepsjonisten er ein stor del av gjesten sitt første inntrykk av hotellet. Det er derfor svært viktig at vedkommande utfører oppgåvene sine profesjonelt og serviceinnstilt. Ved inn- og utsjekking er det fleire rutinar som skal gjennomførast: orientere gjestane om hotellet sine servicetilbod, levere ut nøkkelkort, informere om betaling og så vidare.

På mange hotell, særleg dei litt mindre, får resepsjonen ansvar for å koordinere tiltak i samband med større arrangement. Spesielt viktig er koordineringa mellom dei interne aktørane på kjøkkenet, konferanseavdelinga og husøkonomen. I tillegg må dei eksterne leverandørane som skal levere ulike bidrag, følgast opp.

Læringsressursar

Driftsrutinar på eit hotell

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter