Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Starte eiga bedriftChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Starte eiga bedrift

Når du skal starte ei bedrift, er val av selskapsform, organisering og samarbeidspartnarar viktig å tenkje på. I tillegg er verksemder underlagde ei rekkje offentlege krav og reglar, som du må setje deg inn i. Det er til dømes strenge krav for å få serveringsbevilling og skjenkebevilling.

En mann viser tre andre noe på en laptop. Foto.

Vi skal i dette emnet sjå på kva for selskapsformer som eignar seg for ulike typar bedrifter. Dei to vanlegaste formene er enkeltpersonføretak og aksjeselskap.

Aktørane i reiselivsnæringa er avhengige av eit godt samarbeid med andre aktørar for å skape eit best mogleg reiselivsprodukt, og god lønnsemd. Eit eksempel som vi skal sjå på er kjedesamarbeid, som blant anna er vanleg i hotellbransjen.

Når du etablerer ei verksemd, må du setje deg inn i kva for krav som blir stilte. Mange verksemder innan reiseliv treng spesielle løyve for å etablere verksemda si. For å få drive ein serveringsstad treng ein blant anna ei serveringsbevilling. Vi skal i dette emnet også sjå på ei rekkje andre lovar og reglar du må ta omsyn til dersom du skal starte di eiga bedrift.

Læringsressursar

Starte eiga bedrift