Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Budsjett og rekneskapsanalyseChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Budsjett og rekneskapsanalyse

Bedriftene planlegg sine aktivitetar på kort og lang sikt, og utarbeider budsjett som er ein økonomisk plan for framtida. Rekneskapen viser korleis det faktisk gjekk. Ein rekneskapsanalyse er ein gjennomgang av rekneskapen for å få ei oversikt over bedrifta sin økonomiske tilstand og utvikling.

Budsjettering er ein viktig del av bedrifta si økonomistyring. Vi skil mellom resultatbudsjett og likviditetsbudsjett. Resultatbudsjettet er ei oversikt over forventa inntekter og kostnadar, mens likviditetsbudsjettet er ei oversikt over forventa innbetalingar og utbetalingar.

Budsjettkontroll er ei oppstilling der vi ser på avvik mellom budsjettet og rekneskapen. Vi utfører budsjettkontroll for å kunne foreta betre budsjettering for framtidige periodar, eller for å korrigere planar undervegs.

Ein rekneskapsanalyse tek gjerne utgangspunkt i rekneskapen for siste år, samt rekneskapen for føregåande år, slik at vi kan samanlikne dei to åra. Dette gjer vi ved å berekne såkalla nøkkeltal. Nøkkeltal er forholdstal som seier noko om den økonomiske situasjonen.

Vi gjer ein rekneskapsanalyse ved å sjå på dei mest brukte nøkkeltala frå tre kategoriar – lønnsemd(rentabilitet), likviditet og finansiering. Thorgeir Røer ved Gol vidaregåande skule har laga ein kort introduksjonsfilm til temaet.

Læringsressursar

Budsjett og rekneskapsanalyse