Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. PrissetjingChevronRight
  4. Rabatter og prisavslagChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rabatter og prisavslag

Overfor bedriftsmarknaden og institusjonsmarknaden kan det vere aktuelt å gi rabattar. På forbrukarmarknaden kan det vere gunstig å setje ned prisane i lågsesongen.

Bilde av en flykabin

Tilbod om rabatt

Dersom eit firma, ein organisasjon eller ein institusjon vil bruke hotellet vårt som overnattingsstad for sine tilsette og som møte- og konferanselokale, er det aktuelt å forhandle fram rabattar. Ein avtale med ein større kunde kan vere mykje verd for bedrifta vår, og det er rimeleg at vi tilbyr ein rabatt. Samtidig må vi passe på at rabatten ikkje «et opp» heile dekningsbidraget!

Tabellen nedanfor viser kor mykje meir vi må selje av eit produkt dersom vi gir ein bestemt rabatt og produktet har ein gitt dekningsgrad.

Rabatt Dekningsgrad
10 %20 %30 %40 %50 %60 %70 %80 %
– 2 %125111107105105103103103
– 4 %16712511511110910710105
– 6 %250143120118114111109108
– 8 %500167136125119115113111
– 10 % 200150133125120117114
– 15 % 400200160143133127123
– 20 % 300200167150140133

Dersom vi gir 10 prosent rabatt på eit produkt med ein dekningsgrad på 30 prosent, må vi selje 50 prosent fleire einingar for å oppnå den same dekningsbidraget. Det kan altså få store konsekvensar dersom vi gir for mykje rabatt.

Hugs at grunnen til at vi gir rabatt, er å auke omsetnaden og få eit betre resultat!

Les om tilbod, anbod og rabattar her.

Setje ned prisen

Prisavslag blir brukt som verkemiddel på mange måtar. Bedrifta kan ha tilbodsvarer for å auke salet på andre varer, eller ho kan gi kvantumsrabatt («Kjøp tre – betal for to»).

Det kan også vere slik at vi ønskjer å introdusere eit nytt produkt og derfor set prisen lågare for å komme inn på ein marknad og få gjort produktet vårt kjent.

Høg- og lågsesong

I reiselivsnæringa er det aktuelt med ulike prisar i høg- og lågsesong. Sjølv om inntektene då blir mindre per produkt vi sel, kan også kostnadene vere mindre. Hotellplassar og flybillettar som vi kjøper inn til pakketilbodet vårt, vil til dømes kunne vere lågare i lågsesongen.

Dersom vi vel å setje ned prisen, må vi berekne kva som er den lågaste prisen vi kan ta, og kor lenge vi kan halde den låge prisen. Ved å setje ned prisen i periodar kan vi få selt fleire einingar av produktet vårt.

Læringsressursar

Prissetjing

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter