Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. PrissetjingChevronRight
  4. Å kjenne reiselivsmarknadenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å kjenne reiselivsmarknaden

For å kunne fastsetje «riktig» pris på produktet vårt må vi skaffe oss god kunnskap om marknaden og om målgruppa vår.

Fire bare gutterygger for salgsplakat for is. Foto.

Marknadskunnskap

For å kunne berekne prisen på eit reiselivsprodukt må vi ha god kunnskap om marknaden vi vender oss til:

  • forbrukarmarknaden
  • bedriftsmarknaden – private bedrifter
  • institusjonsmarknaden – offentlege bedrifter, organisasjonar og så vidare

Les om dei ulike marknadene her.

Uansett kva marknad vi vender oss til, må vi kjenne han så godt at vi kan setje ein pris på produktet vårt som kundane er villige til å betale, og som samtidig dekkjer kostnadene våre.

Kven er målgruppa vår?

Dersom vi vender oss til forbrukarmarknaden, kan målgruppa til dømes vere familiar med små barn, ungdommar, pensjonistar eller kunstinteresserte, eller vi kan ha opplevingsreiser for naturinteresserte.

Les meir om kjøps- og forbrukaråtferd her.

Vender vi oss til bedriftsmarknaden eller institusjonsmarknaden, kan det vere forretningsreisande, arrangement som kurs, konferansar, messer eller liknande. Til denne marknaden kan det vere aktuelt å gi rabattar.

Marknadsundersøkingar

For å skaffe oss god kunnskap om marknaden kan vi gjennomføre marknadsundersøkingar og eventuelt gjere eit testsal før lanseringa av det nye turopplegget vårt. Vi kan utføre ei spørjeundersøking eller bruke statistikk over ulike målgrupper.

Det finst mange typar marknadsundersøkingar. Les meir her.

Læringsressursar

Prissetjing

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter