Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. PrissetjingChevronRight
  4. LikviditetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Likviditet

Å betale rekningar og gjere opp for seg er viktig i næringslivet, viss ikkje taper vi tillit og omdømme. Vi må sørgje for at vi har likvide midlar (pengar) til å betale for oss.

Norske penger. Sedler og mynter. Foto.

Betalingsevne

Med likviditet meiner vi evna bedrifta har til å gjere opp for seg, at bedrifta har pengar til å betale rekningane i rett tid. Å ha god likviditet er svært viktig for det økonomiske resultatet. Ei bedrift som ikkje gjer opp for seg, mistar fort tillit både hos leverandørane og banken.

Dersom bedrifta di til dømes skal arrangere ei guida bussreise for ei gruppe turistar, må du gjere avtalar med eit busselskap eller den som eig bussen, du må ha avtale med guiden, sjåføren, serveringsstader og overnattingsstader undervegs. Dersom du ikkje betalar dei for varer og tenester i rett tid, blir det vanskeleg å bruke dei same leverandørane att. Bedrifta di mistar tillit.

Du kan lese meir om likviditet her.

Korleis skal vi sikre likviditeten?

For å ha god oversikt over likviditeten treng vi eit likviditetsbudsjett.

Du kan repetere om likviditetsbudsjett frå vg1 her.

Likviditetsbudsjettet er ein viktig del av budsjetteringsarbeidet og hjelper oss til å sjå kor mykje pengar vi har til disposisjon. Utan pengar kan vi ikkje drive ei bedrift!


For å kunne setje opp eit likviditetsbudsjett må vi ha eit resultatbudsjett. Resultatbudsjett fokuserer på inntekter og kostnader, likviditetsbudsjettet på innbetalingar og utbetalingar. For å kunne budsjettere innbetalingane må vi ta utgangspunkt i dei budsjetterte inntektene.

Læringsressursar

Prissetjing