Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. PrissetjingChevronRight
  4. Korleis kan vi finne riktig pris?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis kan vi finne riktig pris?

Kva er «riktig» pris på produktet vårt? Prisen bør vere riktig både for bedrifta og kundane.

Bilde av tilbudsplakat

Korleis fastset vi prisen?

Sjølv om ei bedrift ofte står fritt til å setje den prisen ho ønskjer, på ei vare eller ei teneste, er det fleire omsyn å ta::

  • Prisen må vere slik at kundane meiner det er samsvar mellom produktet og prisen.
  • Prisen må vere slik at bedrifta får nok inntekter til å gå med overskot og får dekt kostnadene sine.

Les om inntekter og pris her.

Det er svært viktig at bedrifta vurderer nøye kva pris ho skal ta. Vi må vurdere prisen ut frå ein heilskap og sjå han i samanheng med andre konkurransemiddel.

Metodar for å fastsetje pris

Prisen kan vere kostnadsbasert, markedsbasert (etterspørselsbasert) og konkurransebasert. Ofte blir dei tre metodane kombinerte.

Ei anna form for prissetjing er dynamisk prissetjing. Ved dynamisk prissetjing er det ikkje ein fast pris på produktet – seljaren og kjøparen forhandlar og blir samde om prisen.

Vi kan også snakke om psykologisk prising. Då blir prisen sett så nær «terskelverdien» til forbrukarane som råd, utan å gå over han. Prisen kan bli oppfatta som låg utan at han eigentleg er det.

Tenk over

Mange prisar endar på 9 eller 99 – til dømes ein låvprisbillett til kr 499,– på fly eller tog. Det er svært sjeldan vi ser prisen kr 501,–! Vi oppfattar ein billettpris som startar med 4, som billegare enn ein som startar med 5, sjølv om forskjellen er heilt ubetydeleg. Det kan komme av at vi les frå venstre mot høgre, og då får det første talet størst betydning. Vi har også ein tendens til å runde av prisane nedover. Dessutan oppfattar vi gjerne prisar som endar på 9 eller 99 som tilbodsprisar, og vi trur dermed at vi gjer eit godt kjøp fordi produktet vi kjøper, eigentleg er mer verdt. Eit annet fenomen er at eit rundt beløp, til dømes kr 10 000, kan opplevast som dyrare enn kr 10 132!

Læringsressursar

Prissetjing