Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. PrissetjingChevronRight
  4. KalkylarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kalkylar

Når vi skal bestemme prisen på eit produkt, må vi berekne kor mykje produktet vil koste oss. Då set vi opp eit kostnadsoverslag – ein kalkyle.

Nærbilde av kvinnehender som skriver på en laptop. Foto.

Inntektene må vere større enn kostnadene

For at ei reiselivsverksemd skal vere lønnsam, må inntektene vere større enn kostnadene. For å sikre lønnsemda må vi setje riktig pris på produkta våre. Vi må utarbeide ein kalkyle.

For å få eit overslag over kostnadene ved eit reiselivsprodukt, til dømes ei bussreise, lagar vi ein sjølvkostkalkyle eller ein bidragskalkyle.

Sjølvkostkalkyle

Når vi bruker sjølvkostmetoden, gjer vi ei utrekning for å komme fram til den prisen vi skal ta – ein priskalkulasjon. Utrekninga skal sikre at alle kostnadene – både dei direkte og dei indirekte – blir tekne med. Prisen skal vere høg nok til å dekkje alle kostnadene og gjerne gi ei forteneste i tillegg.

Bidragskalkyle

Med bidragsmetoden prøver vi å finne den optimale prisen i marknaden, det vil seie den prisen som gir oss det høgaste dekningsbidraget. I ein bidragskalkyle bereknar vi dei variable kostnadene vi pådreg oss ved å ta på oss eit oppdag, til dømes å arrangere ei båt- eller bussreise for ei gruppe turistar. Så anslår vi marknadsprisen for oppdraget ut frå konkurransesituasjonen. Differansen mellom dei variable kostnadene og den prisen vi vel å ta, kallar vi dekningsbidrag.

Du kan repetere frå vg1 her:

Sjølvkostkalkyle

Bidragskalkyle

Læringsressursar

Prissetjing

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter