Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. PrissetjingChevronRight
  4. PrisChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Pris

Når vi skal bestemme prisen på eit produkt eller ei teneste, er det mange ting å tenkje på. Er prisen for låg, blir fortenesta for lita, er prisen for høg, mistar vi kundar.

Salgsplakat for juletrær. Foto.

Kva skal produktet vårt koste?

Prisen er den verdien som skal til for at ei vare eller ei teneste skal skifte eigar. I daglegtale er prisen det pengebeløpet som ein seljar får frå ein kjøpar for eit produkt eller ei teneste, til dømes det beløpet gjesten betaler for ei overnatting på hotellet vårt.

Sjølv om ei bedrift står fritt fram til å setje den prisen ho ønskjer på ei vare eller ei teneste, er det fleire omsyn å ta:

  • Prisen må vere slik at kundane synest produktet er verdt prisen.
  • Prisen må vere så høg at bedrifta går med overskot og får dekt kostnadene sine.

Kva er riktig pris?

For å kunne berekne «riktig» pris på eit reiselivsprodukt må vi også ha svar på desse spørsmåla:

  • Kva kostar produktet oss?
  • Kva pris tek konkurrentane for same typen produkt?
  • Kor mykje er marknaden (kunden, gjesten, passasjeren) villig til å betale?

Les om prissetjing i ulike typar bedrifter her:

Læringsressursar

Prissetjing