Kva for pris bør vi selje vara eller tenesten for? Prisen vi vel må dekkje kostnadane våre, og kundane må vere villige til å kjøpe til den prisen. Vi mistar kundar dersom vi set for høg pris. Samtidig tener vi ikkje pengar dersom vi sel til for låg pris.

Det finst fleire metodar for å fastsetje pris. Dei vanlegaste metodane er kostnadsbasert, marknadsbasert og konkurransebasert prissetjing.
Den første metoden har fokus på at vi må få dekka kostnadane våre, den neste på kor mykje kundane er villige til å betale og den siste på kor mykje konkurrentane sel tilsvarande produkt og tenester for. Sjølv om vi tar utgangspunkt i ein av metodane, må vi alltid ta omsyn til alle tre.
Ved kostnadsbasert prissetjing må vi berekne kor mykje produktet eller tenesta vil koste oss. Då set vi opp eit kostnadsoverslag, også kalla ein kalkyle. Det finst ulike kalkylar, og her skal vi sjå på sjølvkostkalkylen og bidragskalkylen.
Ved marknadsbasert prissetting må vi skaffe oss god kunnskap om marknaden og om målgruppa vår. Tilsvarande treng vi god kunnskap om konkurrentane våre ved konkurransebasert prissetjing.
Læringsressursar
Prissetjing
Fagstoff
Pris
KjernestoffKalkylar
KjernestoffKalkyler - enkelt forklart
KjernestoffKorleis kan vi finne riktig pris?
KjernestoffFormer for prissetjing
KjernestoffLikviditet
KjernestoffÅ kjenne reiselivsmarknaden
KjernestoffRabatter og prisavslag
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Faste eller variable kostnader?
KjernestoffProduktkalkyler
KjernestoffPrissetjing - kva har du lært?
Kjernestoff