Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. MarknadsføringChevronRight
  4. MarknadsplanenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadsplanen

Marknadsplanlegging er nødvendig for å finne ut korleis vi kan bruke pengar og personale på lønnsame marknadsføringstiltak. Ein god marknadsplan skal mellom anna innehalde forventa mål, aktivitetar, tidsplan og budsjett. Planen gir oss grunnlag for å analysere resultata i forhold til det vi planla.

Folk som sitter rundt et bord og planlegger. Foto.

Målretta marknadsaktivitetar

Suksessen til mange reiselivsbedrifter er avhengig av evna deira til å gjennomføre målretta marknadsaktivitetar. For å fortene nemninga plan bør han som eit minimum innehalde dokumentasjon på følgjande:

  • Mål – forventa resultat, til dømes mål for sal
  • Aktivitetar – kva som skal gjerast
  • Ansvarleg – kven som har ansvar for at ting blir gjort
  • Tidsplan for kvar aktivitet
  • Kostnadsbudsjett for alle aktivitetar

Marknadsplanlegginga er nødvendig for å finne ut korleis ein kan oppnå konkurransemessige fortrinn. Dessutan skal vi prøva å bruke pengar og personale på lønnsame marknadsføringstiltak.

Marknadsplanen bør dokumenterast skriftleg. Det gir grunnlag for å analysere resultata i forhold til kva vi planla.

Disposisjon for ein marknadsføringsplan

Det eksisterer ikkje nokon faste reglar for kva ein marknadsføringsplan skal innehalde. For å lage ein god marknadsplan bør ein mellom anna involvere medarbeidarar med kundekontakt. Han bør vere bygd på nøkterne og ærlege analysar av marknads- og konkurransesituasjonen og ha realistiske mål. Planen kan med fordel vere konkret og kortfatta.

Nedanfor skildrar vi eit forslag til disposisjon:

1. Samandrag

Hensikt: Gi ei kortfatta samanfatting av viktige sider ved marknadsføringa, som budsjettmål, spesielle satsingsområde og kritiske suksessfaktorar.

2. Situasjonsanalyse

Hensikt: Skildre truslar og moglegheiter på marknaden, konkurransesituasjon og interne tilhøve som er venta å påverke marknadsmoglegheitene.

3. Produkt- og marknadsprioritering

Hensikt: Skildre kva for nokre produkt/tenester og marknader som skal prioriterast i den aktuelle perioden.

4. Mål og resultatforventingar

Hensikt: Setje opp mål for den aktuelle perioden – både kvantitative mål (salsmål, marknadsdelar, lønnsemd) og kvalitetsmål (kundetilfredsheit, redusere reklamasjonar).

5. Marknadsaktivitetar

Hensikt: Skildre kva for nokre aktivitetar ein skal setje i verk for å nå måla.

6. Kontroll og oppfølging

Hensikt: Gi tilbakemeldingar om oppnådde resultat og ressursbruk, som gir grunnlag for å korrigere kursen, auke eller redusere salsforventingane, forsterke eller redusere innsatsen.

Tips på Internett

På Internett finn vi ei rekkje tips om praktisk marknadsplanlegging og døme på disposisjon av marknadsplanar. Bruk søkjeord som marknadsplan og marknadsplanlegging på til dømes Google eller Kvasir.

Læringsressursar

Marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter