Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. MarknadsføringChevronRight
  4. Plassering og distribusjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Plassering og distribusjon

Plassering og distribusjon handlar om tilgjengelegheit. Distribusjonen kan skje direkte til kunden eller via reisebyrå og andre samarbeidspartnarar. Dei fleste reiselivsbedrifter brukar ein kombinasjon av direkte og indirekte distribusjon.

Illustrasjon som viser system for nettbooking. Bilde.

Kva er meint med plassering og distribusjon?

Konkurransemiddelet som blir kalla plass (distribusjon) handlar om korleis produktet er gjort tilgjengeleg for kunden. Innanfor reiseliv har dette nokre viktige særtrekk:

  • Produktet kan ikkje distribuerast til kunden, det er kunden som blir transportert til produktet eller produsenten.
  • Transporten er i nokre tilfelle sjølve produktet, til dømes ei cruisereise eller ein tur med Hurtigruta.

Den teknologiske utviklinga har i stor grad påverka plasseringa og distribusjon i reiselivet. Internett har gjort informasjon om reiselivsprodukt og kjøp lett tilgjengeleg. Reisebyrå og andre ledd mellom produsent og konsument er ikkje lenger nødvendige.

Reiselivet tilbyr både direkte og indirekte distribusjon av produkta sine.

Direkte distribusjon

Denne forma for distribusjon er kjenneteikna av at produsenten og kunden har direkte kontakt med kvarandre. Kunden kan til dømes ta ein telefon direkte til reiselivsprodusenten. I dag er det vanleg å bruke internett. Her er det mogleg med direkte bestilling av pakkereise, fly-, båt-, tog- og bussreise og hotellrom. Ein kan også reservere bord på restaurantar.

Produktet og prisane kan presenterast på ein oversiktleg måte. Sjølve bestillinga blir utført med nokre få tastetrykk – praktisk for produsenten, praktisk for kunden. Nokre leverandørar gir prisavslag til kundar som sjølve ordnar bestilling på denne måten.

Ved direkte distribusjon er det nær kontakt mellom leverandør og kunde, og kunden kan raskt orientere seg om konkurrerande produkt. Direkte distribusjon har hatt stor vekst dei seinare åra.

Internett som salskanal

Indirekte distribusjon

Denne forma for distribusjon er kjenneteikna av at produsenten marknadsfører produktet sitt via eitt eller fleire mellomledd. I samband med ein sydentur opplever vi at turoperatøren kan ha ulike samarbeidspartnarar for sal, distribusjon, overnatting, servering, logistikk og transport. Fordi mange av oppgåvene blir tekne hand om av andre verksemder, seier vi at reiselivsprodusenten har indirekte kontakt med kundane.

Dei fleste reiselivsbedriftene nyttar ein kombinasjon av direkte og indirekte distribusjon. Til dømes kan flybillettar bli kjøpte direkte frå flyselskapet eller frå ein annan salskanal. Nokre flyselskap samarbeider med andre ved sal av hotellrom og leigebil.

Læringsressursar

Marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter