Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. MarknadsføringChevronRight
  4. Påverknad og kommunikasjon ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Påverknad og kommunikasjon

Korleis skal vi påverke kundane til å velje vårt produkt? Kva for nokre verkemiddel og informasjonskanalar eignar seg for å kommunisere med målgruppene våre? Vi må finne ut kvar vi treffer dei, og utforme ein bodskap som kan skape interesse for produktet vårt.

Rød rorbu med påmalt telefonnummer. Foto.

Kva meiner vi med påverknad?

Med påverknad (engelsk: promotion) tenkjer vi på korleis vi informerer og kommuniserer med målgruppene våre for å skape interesse og selje produkta våre. Verkemidla blir gjerne delte inn i fire hovudområde:

  • Reklame, som er alle former for upersonleg og betalt presentasjon som tek sikte på å skape interesse for eit produkt, eventuelt å utløyse kjøp. Annonsering og brosjyrar er typiske døme.
  • Personleg sal, som består i at ein person i direkte kontakt med potensielle kjøparar prøver å oppnå sal av eit produkt.
  • Salsstøtte, som til dømes deltaking på utstillingar og reiselivsmesser.
  • Samfunnskontakt, som har som mål å verne eller forbetre omdømmet til eit produkt eller eit føretak, omfattar mellom anna lobbyverksemd og aktivitetar for å oppnå ubetalt spalteplass i aviser og andre medium. Dette blir også kalla for public relations.

Vi har ei rekkje verkemiddel til rådvelde. Når vi skal velje middel for påverknad, må vi først finne ut kvar vi treffer kundane våre. Så må vi lage ein bodskap.

Viss vi har namn og adresse (postadresse eller e-postadresse) til kundane, bør vi kommunisere direkte med dei. Det er billeg og effektivt.

Ved bruk av e-post må vi hugse på at det berre er lovleg å sende tilbod til tidlegare kundar og andre som på førehand har akseptert å få reklame på denne måten.

Kvar treffer reiselivet folk?

Det vrimlar av aviser, tidsskrifter og nettstader som prøver å selje annonseplass til reiselivsbedriftene. Reiselivsbedrifta må setje seg i kunden sin stad: Korleis kan ein turist finne ein eigna feriestad? Korleis kan ein reisande finne eit passande flyselskap? Korleis kan ungdom finne eit eigna hotell? Korleis finne attraksjonar som passar for små barn?

Når vi skal ut og reise, søkjer vi informasjon, råd og rettleiing om reisemålet. Nokon reisande nøyer seg med å finne ut det mest nødvendige om hotellet, til dømes kvar det ligg, kva fasilitetar det har, og kva det kostar. Andre går grundig til verks og les brosjyrar, reiselivstidsskrifter og bøker for å lære meir om reisemålet og naturen, kulturen, geografien og historia der. Dei fleste snakkar med venner og kjenningar. Etter kvart har det også blitt vanleg å søkje informasjon på Internett.

Viss vi skal annonsere, er det viktig å kjenne lesevanane til målgruppa.

Lenkje:
http://www.visitnorway.com/no/no/

Korleis kommuniserer vi?

Annonsering og annan reklame er massekommunikasjon, det vil seie at mange menneske får den same bodskapen. Innhaldet i og forma på bodskapen er viktig når vi skal informere kundane våre. Kva vi seier, er viktigare enn korleis vi seier det.

Bodskapen må tilpassast situasjonen og kanalen, til dømes har ein annonse ei anna utforming enn ei pressemelding. Vi veit ikkje kven som les annonsen og brosjyren, og slike former for upersonleg massekommunikasjon gjer det vanskeleg å tilpasse bodskapen til målgruppa. Dialog med kundane er umogleg.

I visse delar av reiselivet er det vanleg å invitere journalistar med på tur. Redaksjonelt stoff verkar ofte meir truverdig, men vi veit ikkje kva journalisten kan finne på å skrive. Også denne forma for informasjon er upersonleg.

Ved deltaking på messer og utstillingar kan vi møte kundar ansikt til ansikt, og kommunikasjonen blir meir personleg. Men vi rekk ikkje å møte mange menneske, så dette er ein tidkrevjande og kostbar måte å kommunisere på.

Læringsressursar

Marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter