Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. MarknadsføringChevronRight
  4. Marknadsføringa sine verkemiddelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadsføringa sine verkemiddel

Marknadsføring handlar om å bruke verkemiddel som fører til kjøp og gir fornøgde kundar som gjerne kjem tilbake. Ei av hovudoppgåvene i marknadsføring er å finne ein gunstig kombinasjon av verkemidla.

Reklameplakat for sydenreiser på snørikt fortau. Foto.

«Her blir det største brødet baka …»

Utanfor eit bakeri i Pompeii blei det funne restar av ei steintavle med følgjande tekst hogd inn: «Her blir det største brødet baka – og det er billegare enn hos naboen.»

Marknader har eksistert i uminnelege tider. Rørosmartnan har eksistert i over 150 år. Då forvandlar Røros seg til ein livleg marknadsplass med eit yrande folkeliv og varer av mange slag: møblar, klede, spekepølser, kunsthandverk og vottar og skjerf.

Før i tida blei handelsmenn kalla markskriker. På marknader og torg ropte dei ut tilboda sine. Verkemiddelet var ei kraftig stemme og gode talegåver.

Her finn du drøymeferien!

Tidleg kvart nyår blir det arrangert reiselivsmesser på ulike stader i Noreg.

På messa møter reiselivet kundane sine ansikt til ansikt. Det gir grunnlag for god kommunikasjon, men direkte og personleg kontakt mellom seljar og kunde er ei tidkrevjande og kostbar form for marknadsføring.

Reiselivet bruker ei rekkje ulike verkemiddel og salskanalar i marknadsføringa si. Kombinasjonen av personleg møte mellom seljar og kunde og elektronisk kommunikasjon er dei sentrale verkemidla for marknadsføringa innan reiseliv. Reiselivet er ein føregangsbransje i bruk av Internett som kanal for marknadsføring.

Konkurransemiddel

Marknadsføring dreier seg om å bruke verkemiddel som fører til kjøp og skaper fornøgde kundar som gjer atterkjøp.

Ein kan systematisere verkemidla på ulike måtar. Vi bruker ei tradisjonsrik inndeling – dei såkalla fire p-ane: produkt, pris, påverknad, plass (på engelsk: product, price, promotion, place). I tillegg kjem ei femte gruppe – personale – som naturleg nok har fått stor verdi i servicenæringar.

  1. Produkt – utforming, innpakning, kvalitet, merkevare, garantiar og reklamasjon
  2. Pris – val av prisnivå og konkret fastsetjing av pris på eit produkt, bruk av listepris, kampanjepris, rabattar og betalingsvilkår
  3. Påverknad – annonsar og annan reklame, personleg sal, PR og andre former for salsfremmande tiltak
  4. Plass – lokalisering, salsstad, lager, logistikk, levering og transport
  5. Personale – personleg kundeservice, rettleiing og kommunikasjon, handtering av reklamasjonar

Ei av hovudoppgåvene i marknadsføring er å finne ein gunstig kombinasjon av desse verkemidla. Kombinasjonen blir gjerne kalla «Marketing Mix», eller marknadsmiks.

Marketing mix
Marketing mix.

Tenk over

For å lykkast i eit overflodssamfunn må vi tilby varer og tenester som dekkjer dei ønska og behova kundane har. Ved val av verkemiddel i marknadsføringa er hovudsaka å forstå kundane sine.

Læringsressursar

Marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter