Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. KvalitetsutviklingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kvalitetsutvikling

Kva skal til for at du blir fornøgd med ein ferie du kjøper? Som kunde er vi opptatte av å få eit produkt som lever opp til forventningane våre, og jo meir vi har betalt for produktet, jo høgare forventningar har vi.

Forretningsmann gir vurdering og gjennomgang med lykkelige, nøytrale eller triste ansiktsikoner. Foto.

Fornøgde kundar er viktig for å få god omtale og meirsal. Det er derfor svært viktig å ha fokus på kvalitet og kvalitetsutvikling. Bedrifter må ha eit system for å utvikle og vedlikehalde god kvalitet som tek omsyn til kundane sine krav til kvalitet.

Kvalitet er summen av eigenskapane eit reiselivsprodukt har. Produktet består av eit kjerneprodukt pluss tilleggstenester. Kvaliteten på eit produkt er derfor den heilskapen av eigenskapar vi oppfattar at kjerneproduktet og tilleggstenestene har.

I dette emnet skal du få kjennskap til ulike kvalitetsomgrep som servicekvalitet, prosesskvalitet, relasjonskvalitet, teknisk kvalitet, funksjonell kvalitet og estetisk kvalitet.

Vi skal også sjå på korleis vi kan bruke kvantitative og kvalitative kundeundersøkingar i arbeidet med kvalitetssikring.

Læringsressursar

Kvalitetsutvikling

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter