Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Oppbygging av reiselivsnæringaChevronRight
  4. Nasjonal organiseringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nasjonal organisering

Den viktigaste sjølvstendige oppgåva til staten i reiselivet har tradisjonelt vore å marknadsføre Noreg i utlandet. Dette har dels skjedd som samarbeid med lokale og regionale aktørar, og dels som eigne kampanjar.

Logon til Innovasjon Norge. Foto.

Under fana «Destinasjon Noreg – nasjonal strategi for reiselivsnæringa» såg du korleis styresmaktene ønskjer å gjere organisatoriske endringar på alle nivå. Nokre av dei viktigaste sentrale aktørane er:

Innovasjon Noreg

Innovasjon Noreg skal bidra til nyskaping i næringslivet, utvikling i distrikta og utvikling av konkurransedyktige norske bedrifter. Innovasjon Noreg profilerer norsk næringsliv og Noreg som reisemål. Innovasjon Noreg er representert i over 30 land og har kontor i alle fylka i landet.

Nærings- og handelsdepartementet er hovudeigar med 51 prosent, og fylkeskommunane eig 49 prosent. Innovasjon Noreg skal ved hjelp av innovasjon, internasjonalisering og profilering bidra til å skape lønnsame bedrifter av regionale og lokale ressursar og fortrinn.

VisitNorway.com

Nærings- og handelsdepartementet har gitt Innovasjon Noreg ansvaret for å utvikle og vedlikehalde den offisielle reiseguiden til Noreg: Visitnorway.com.

Visitnorway.com er Innovasjon Noreg sin viktigaste distribusjonskanal i marknadsføringa av Noreg som ferieland, både i Noreg og internasjonalt.

Alle dei viktigaste marknadene har sin lokale variant av visitnorway, til dømes visitnorway.de i Tyskland. Alle de lokale visitnorway-sidene er tilpassa marknadene sine.

VisitNorway.no

Visitnorway.no er den norske varianten av portalen, og skal bidra til å skape reiselyst og inspirere nordmenn til å reise i Noreg. I tillegg skal visitnorway.no gjere det enklare for nordmenn å planleggje og førebu ferien i Noreg.

Læringsressursar

Oppbygging av reiselivsnæringa

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter