Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Oppbygging av reiselivsnæringaChevronRight
  4. Lokal organiseringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lokal organisering

I Noreg har vi lang tradisjon for lokalt samarbeid i reiselivet. Lokalt samarbeid har skapt fleire av dei sterkaste reiselivsdestinasjonane i Noreg.

Snødekt hyttevindu. Skilt med turstinformasjon. Foto.

Kommunale reiselivslag

Gjennom størstedelen av det førre hundreåret var reiselivet organisert etter same modellen som dei offentlege styresmaktene, med eit kommunalt, eit fylkeskommunalt og eit statleg nivå.

Det kommunale nivået bestod ofte av eit reiselivslag der størstedelen av medlemmene kom frå ulike lokale reiselivsbedrifter. Andre medlemmer kunne vere politikarar og tilsette i kommunen, lokale bankar og næringsselskap og andre med engasjement for lokal utvikling og samarbeid.

I kommunar som gjerne var spesielt store og aktive på reiselivsutvikling, kunne det vere fleire lokale reiselivslag som ble følgde opp og koordinerte i eit lokalt reiselivsråd.

Destinasjonsselskap

For å forstå kva eit destinasjonsselskap er, er det greitt med ein liten repetisjon av det heilskaplege reiselivsproduktet. På Vg1 kunne du blant anna lese om dette her:

Service er ei oppleving

Etter kvart som norsk reiseliv blei meir medvite om kor viktig det var med eit heilskapleg reiselivsprodukt, ønskte ein å bruke samarbeidsorganisasjonane til å utvikle den lokale destinasjonen. Utfordringane kunne spenne frå å arbeide for god infrastruktur via merkevarebygging til distribusjon (sal via ulike byrå, agentar og andre). Det blei lagt vekt på å framstå som samla og koordinert.

I 1970- og 1980-åra blei mange reiselivslag omdanna til destinasjonsselskap. Også nye reiselivsbedrifter oppdaga behovet for ei felles organisering. Andre såg at ei einsidig fokusering på geografi ikkje passa så godt med det som kunden oppfatta som det lokale destinasjonsproduktet, og dei slo saman fleire mindre reiselivslag til eit større destinasjonsselskap.

I dag lever reiselivslag og destinasjonsselskap side om side. I nokre tilfelle kan vi sjå ein klar forskjell på korleis dei er organiserte, og korleis dei arbeider, i andre tilfelle ikkje.

Døme på eit destinasjonsselskap er Destinasjon Røros

Temabaserte reisemålsselskap

Stadig oftare vel reiselivsaktørane å spesialisere seg på eitt eller nokre få nisjeprodukt. I ein global marknad der informasjon blir stadig meir tilgjengeleg, er det mogleg å utvikle smale tilbod og likevel nå ein stor marknad.

Færre og meir profesjonelle reisemålsselskap

Stortingsmeldinga «Destinasjon Norge» peikar på at vi i dag har svært mange lokale reisemålsselskap (samlenemning for reiselivslag, destinasjonsselskap og temaselskap). Regjeringa tilrår at ein reduserer talet på reisemålsselskap samtidig som dei blir knytte sterkare til landsdelsselskap:

Landsdelsselskapene bør få mer innflytelse og styring
over destinasjonsselskapenes aktiviteter og styreform
enn hva tilfellet er i dagens organisering. Selv om
antall destinasjonsselskaper underlagt landsdelsselskapene
bør avgjøres ut fra regionale forhold,
taler erfaringene for at man bør begrense antall slike
selskaper til rundt tre til åtte i hver landsdel. De bør
være basert på naturlige avgrensede reisemål, ikke
kommunegrenser. En slik strukturendring vil blant
annet gjøre landsdelsselskapene mer kompetente til å
lede Arena-prosjekter og andre større innovasjons- og
utviklingsprosjekter.

Læringsressursar

Oppbygging av reiselivsnæringa

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter