Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Oppbygging av reiselivsnæringaChevronRight
  4. FellesgodeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fellesgode

Reiselivet baserer seg ofte på fellesgoder som er tilgjengelege for alle, sjølv om dei er betalte av nokre få. I reiselivet er det mange som er frista til å nyte godt av det som andre har skapt med økonomisk innsats og aktivt engasjement. Vi kallar slike aktører for gratispassasjerar.

Tre personer går på en sti i norsk fjellandskap. En stor rød T er malt på en stein fremst i bildet. Foto.
Turistforeningens merking av stier i fjellet er eksempel på et fellesgode som både medlemmer og ikke-medlemmer har glede av.

Gratispassasjerar

På dei fleste reiselivsdestinasjonar vil det vere nokon som er mindre villige enn andre til å bruke tid på å lage felles produkt og drive marknadsføring av staden framfor eiga bedrift.

I reiselivet kallar vi desse for gratispassasjerar. Problemet med gratispassasjerar er ikkje berre at vi går glipp av engasjementet deira eller kontingenten. Ofte er det eit større problem at dei som deltek og betalar, går lei og byter side, frå betalande til ikkje-betalande passasjerar.

Dette er noko av årsaka til at det er lettare å organisere destinasjonsutvikling og destinasjonsmarknadsføring gjennom lokale organisasjonar framfor å overlate ansvaret til enkeltbedrifter. Om alle reiselivsbedriftene på ein lokal destinasjon deltek i desse organisasjonane, er sjansane gode for å lykkast i konkurransen. Om mange derimot set seg på sidelinja og samtidig tek ut dei goda i marknaden som følgjer av innsatsen som andre har gjort, dabbar engasjementet lett av.

Det handlar først og fremst om å investere tid, engasjement og pengar i det som er eit felles utviklingsprosjekt. Det kan også handle om å setje eigne behov og eiga bedrift til sides for å løfte fram mangfaldet av tilbod på destinasjonen.

Fellesgode

Reiselivet bygger ofte på fellesgode som er tilgjengelege for alle, sjølv om dei er betalte av nokre få. Vi kan i stor grad dele fellesgoda inn etter om dei rettar seg mot bedriftene eller mot gjestene:

Fellesgode som er nyttige og synlege for bedriftene på
destinasjonen:

  • felles marknadsføring/destinasjonsprofilering
  • opplæringstiltak/kompetanseheving
  • bookingsystem
  • marknadskunnskap, t.d. frå gjesteundersøkingar

Andre fellesgode er mest nyttige og synlege for gjestene:

  • opne festivalar og arrangement
  • preparerte løyper
  • stigar som er skilta og merkte
  • kart
  • godt opparbeidde og vedlikehaldne fellesområde
  • offentlege toalett, parkeringsplassar, rasteplassar

Utfordringa er, som du no har forstått, å få flest mogleg av dei som nyt godt av desse fellesgoda, til å betale sin rimelege del av kostnadene.

Læringsressursar

Oppbygging av reiselivsnæringa

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter