Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Oppbygging av reiselivsnæringaChevronRight
  4. Vekst gjennom samarbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vekst gjennom samarbeid

I denne delen skal vi sjå nærare på kva som gjer at alle bedrifter i reiselivsnæringa er så avhengige av å samarbeide med andre.

Festivalpublikum sett bakfra. Foto.

Det heilskaplege reiselivsproduktet

Tenk deg at du planlegg ei hyggjeleg feriereise. Du bruker kanskje nettet for å velje transportmiddel, overnatting, lokale opplevingar og spennande stader å ete. Du har ikkje kome langt i planlegginga, for du har vore innom eit titals ulike reiselivsbedrifter som kvar og ei tilbyr sin del av reisa du er i ferd med å setje saman.

Bak det som verkar som ein enkel og naturleg meny over lokale tilbod, ligg det både god koordinering og ein felles strategi. Mest sannsynleg har dei aller fleste av bedriftene du sit og vurderer, eit etablert samarbeid. Dette kan anten vere direkte mellom bedriftene eller indirekte ved at dei er medlemmer i lokale organisasjonar som koordinerer og utviklar felles produkt.

Samarbeid basert på geografi

I denne delen skal vi leggje størst vekt på organisasjonar som er geografisk nær kvarandre. Årsaka til det er at det er klart flest slike organisasjonar. Dei kan eksistere på alle nivå: i bygdelag, i kommunen, som kommunesamarbeid, på fylkesnivå, på landsdelsnivå og på nasjonalt nivå.

Samarbeid basert på tema og produkt

Stadig fleire samarbeidsorganisasjonar i reiselivet er knytt til eit tema, eit produkt eller eit marknadsområde i reiselivet. Ei viktig årsak til dette er den store delen av reisande som finn informasjon på nettet, og som vel reise ut frå sine eigne spesielle interesser.

Når tyske turistar søkjer informasjon om fiskeopplevingar langs kysten, er det denne opplevinga som står i sentrum, ikkje kva kommune eller kva fylke som skal få gleda av å ta imot dei.

Når musikkinteresserte ungdommar studerer festivalprogram, legg dei på same viset større vekt på opplevinga enn på geografien.

I ei slik utvikling er det viktig å vere til stades både i dei marknadskanalane som løftar fram dei spesielle opplevingane, og i dei kanalane som sikrar at det lokale, heilskaplege reiselivsproduktet held mål.

Læringsressursar

Oppbygging av reiselivsnæringa

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter