Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Oppbygging av reiselivsnæringaChevronRight
  4. Organiseringa av reiselivet ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Organiseringa av reiselivet

Her skal vi gi døme på korleis reiselivet er organisert, lokalt og nasjonalt. Vi ser på kven som samarbeider, og korleis regjeringa ønskjer å samarbeide med reiselivsnæringa.

Bryggen i Bergen. Foto.

Lokale og regionale reiselivsorganisasjonar

Turistkontoret har viktige oppgåver for det lokale reiselivet:

  1. informasjon om overnatting, sjåverdigheiter, aktivitetar og arrangement
  2. sal av suvenirar, postkort, frimerke, kart, fiskekort, hotellpass og så vidare
  3. sal av billetar til arrangement
  4. formidling av guidetenester

Reiselivet er svært ulikt organisert rundt om i landet. Det finst svært mange små regionale reisemålsselskap eller destinasjonsselskap. NHO Reiseliv anbefaler at dei blir samordna, og meiner at det er mogleg å halvere talet på selskap og turistinformasjonar. Dette vil føre til samanslåingar og nedleggingar mange stader, men i nokre område kan det også bli ein liten auke i talet på selskap.

Ein føremålstenleg struktur kan vere slik:

  • Heile landet blir dekt gjennom ein ny landsdelsstruktur med til dømes desse landsdelsområda: Nord-Noreg, Midt-Noreg, Vest-Noreg, Sør-Noreg, Aust-Noreg og Fjell-Noreg (fjellbeltet Oppdal – Trysil – Setesdal).
  • Det blir etablert eitt landsdelsselskap for kvart landsdelsområde. Det er eit mål at dei får ei rolle som moderselskap i eit konsern og organiserer ei mengd dotterselskap (destinasjonsselskap) i eige område.
  • Kvart destinasjonsselskap har ansvar for å organisere den lokale turistinformasjonen og anna lokal verksemd, basert på ei definert rolle- og oppgåvefordeling.

Hovudorganisasjonar

Myndigheitene samarbeider med reiselivsnæringa gjennom desse organisasjonane (Destinasjon Noreg, 2012):

  • NHOs Reiselivsråd er eit NHO-organ som representerer dei fire reiselivsrelaterte landsforeiningane i NHO-fellesskapet: NHO Reiseliv, NHO Transport, NHO Luftfart og Rederienes Landsforening (RLF).
  • NHO Reiseliv er den største næringsorganisasjonen for reiselivsnæringa i Noreg, med om lag 2300 reiselivsbedrifter som medlemmer.
  • Virke Reise er ein næringsorganisasjon som representerer tradisjonelle reiselivsbedrifter, reisebyrå og museum.
  • Den norske økoturismeforening organiserer reiselivsbedrifter som er sertifisert som økoturismebedrifter, for tida 19 reiselivsbedrifter. (Økoturismeforeininga er med i Virke.)
  • Hanen er ein branse- og marknadsorganisasjon som representerer om lag 500 bedrifter innanfor bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske.
  • Forum for Reiseliv er ei næringspolitisk foreining som representerer dei tolv største bedriftene i reiselivsnæringa.

Også LO og Fellesforbundet, som organiserer arbeidstakarane i reiselivsnæringa, er omfatta av samarbeidet mellom myndigheitene og organisasjonar knytt til reiselivsnæringa.

Læringsressursar

Oppbygging av reiselivsnæringa