Her skal vi beskrive sammensetjing av reiselivsnæringa, utbreiing og økonomisk betyding. Du får døme på korleis reiselivet er organisert lokalt, regionalt og nasjonalt. Vidare ser vi på kven som samarbeider, og korleis regjeringa ønsker å samarbeide med reiselivsnæringa.

Vi kan seie at reiselivsnæringa omfattar alle verksemder som sel varer og tenester til folk som er på reise.
Reiselivsnæringa er ein del av dei tenesteytande næringane. Ho er sett saman av fleire sektorar som til saman skal dekke menneske sine behov for transport, innkvartering, servering, aktivitetar og opplevingar utanfor sin eigen heim.
Innkvarterings- og serveringsstader, campingplassar, attraksjonar og aktivitetar for turistar, høyrer alle til reiselivet si kjernenæring. Matbutikkar, bensinstasjonar og andre som ikkje berre er berekna på reisande, kallar vi overrislingsnæringar. Multiplikatornæringa er dei som sel varer og tenester til kjerne- og overrislingsbedrifter, til dømes reinhald, mat og drikke.
Reiselivet er svært ulikt organisert rundt om i landet. Det finst svært mange små regionale reisemålsselskap eller destinasjonsselskap. NHO Reiseliv tilrår at dei blir samordna. Dette er også i samsvar med regjeringa sin strategi for reiselivsnæringa, der samarbeid i næringa blir lagt spesielt vekt på.
Læringsressursar
Oppbygging av reiselivsnæringa
Fagstoff
Organiseringa av reiselivet
KjernestoffVekst gjennom samarbeid
KjernestoffFellesgode
KjernestoffDestinasjon Noreg
KjernestoffLokal organisering
KjernestoffRegional organisering
KjernestoffNasjonal organisering
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Reiselivsnæringa
KjernestoffOrganiseringa av reiselivet
Kjernestoff