Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. SalsprosessenChevronRight
  4. MeirsalChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Meirsal

Kvinne på spa får olje massert inn på ryggen. Foto.

Oppgåve 1

Drøft og gi døme på reiselivsprodukt som kan seljast i tillegg til kjerneproduktet*).

  • Kva for produkt finn de?
  • Kva er prisen på produkta?

*) Døme kjerneprodukt:

  • lågprisfly
  • sydentur
  • hotell
  • restaurant

Bruk gjerne internett for å finne døme.

Oppgåve 2

Beleggsprosent

Finn døme på beleggsprosent for buss, fly og hotell.

Prøv å berekne forskjellen i inntekt ved 50 prosent og 80 prosent belegg for:

  • buss med 50 sete
  • fly med 200 sete
  • hotell med 100 senger

Drøft kva slags betyding beleggsprosenten har for lønsemda.

Oppgåve 3

Aktivitetar for meirsal

Ta for dykk ulike stillingar i reiselivet.

Drøft og gi døme på kva servicemedarbeidarar kan gjere – på kort og lang sikt – for å skape meirsal.

Læringsressursar

Salsprosessen