Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. SalsprosessenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Salsprosessen

Det er vanleg å tenkje seg at seljaren kan styre salet gjennom ein systematisk prosess i fleire fasar eller trinn – ein såkalla salsprosess. Dersom vi skal bli gode seljarart, må vi forstå korleis eit sal går føre seg, og yte vårt beste på kvart steg i prosessen.

Kunde og kundebehandler på et reisebyrå. Foto.

Reiselivsaktørane sel totalopplevingar, og ein fornøgd kunde er eit godt sal. I salsprosessen er det viktig å vere kundeorientert, det vil seie å sjå salet frå kunden si side. Kunden er oppteken av nytteverdi, pris og service.

Stamgjester er kundar som kjem igjen, og vi som bedrift får gjensal. Du skal i dette emnet få kjennskap til ei rekkje aktivitetar som er viktig for å skape gjensal. Vi ønsker også å få kundar til å kjøpe meir enn planlagt. Det kallar vi meirsal.

Nysal er sal til nye kundar, og er ein mer krevjande prosess. For å nå nye kundar må vi bruke hensiktsmessige salgskanaler. Grunnlaget for alt sal er å forstå ønske og behov hos kvar enkelt kunde.

Ein god seljar må ha kompetanse i salsteknikkar, og vi vil i dette emnet gå gjennom dei ulike fasane i ein salssamtale. I tillegg treng du som seljar kunnskapar om målgruppa, bransjen, konkurrentane, forbrukarrettar, og ikkje minst produktkunnskap.

Læringsressursar

Salsprosessen