Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Internasjonal marknadsføringChevronRight
  4. Innovasjon NorgeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Innovasjon Norge

Innovasjon Norge har ansvar for gjennomføring av ein stor del av den nasjonale strategien for norsk reiseliv. Planen er at reiselivet i framtida skal bidra til auka lønsemd i reiselivsnæringane og til å auke marknadsdelane internasjonalt.

Solnedgang

Ansvar for den nasjonale strategien

Innovasjon Norge har ansvar for gjennomføringa av ein stor del av den nasjonale strategien for norsk reiseliv. På nettstaden sin skriv Innovasjon Norge mellom anna:

«Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, utvikling i distriktene og utvikling av konkurransedyktige norske bedrifter. Innovasjon Norge profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål.»

Dei statlege midlane til reiselivsformål er i all hovudsak samla i Innovasjon Norge. Hittil har ca. halvparten av midlane gått til profilering av Noreg eller regionen som reisemål. Den distriktspolitiske profilen er tydeleg.

Bidra til auka lønnsemd

Innovasjon Norge si satsing på reiseliv skal i framtida bidra til auka lønnsemd og til å ta marknadsdelar internasjonalt, mellom anna gjennom å satse på

  1. forbrukarmarknadsføring med sommar- og vinterkampanjar retta mot prioriterte marknader
  2. online marknadsføring via Noreg sin offisielle reiselivsportal: www.visitnorway.com
  3. bransjebearbeiding av internasjonale turoperatørar som sel Noreg
  4. PR gjennom å leggje til rette for at journalistar i dei prioriterte marknadene skal skrive om Noreg som eit interessant reisemål
  5. marknadsanalyse og statistikk, det vil seie å innhente, bearbeide og publisere data som har betydning for reiselivsnæringa
  6. utvikling av reisemål, det vil seie rådgiving og hjelp i samband med nettverksbygging, kompetanseheving og finansiering

I magasinet «Innsats»kan du lese meir om kva Innovasjon Norge tenkjer og gjer.

Innovasjon Norge – Innsats

Læringsressursar

Internasjonal marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter