Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Internasjonal marknadsføringChevronRight
  4. Regjeringa si satsingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Regjeringa si satsing

Gjennom eit omfattande strategidokument viser regjeringa korleis ho satsar på reiselivet.

Myrull i Lofoten. Foto.

Destinasjon Noreg

Reiselivsnæringa er ei av dei sterkast veksande næringane i verda. Noreg har gode moglegheiter for å ta sin del av den internasjonale veksten.

Regjeringa har valt tre satsingsområde:

  1. organisering av ulike aktørar i reiselivet
  2. utvikling av produkt og reisemål
  3. sal og marknadsføring

Satsinga er gjord på bakgrunn av næringa sitt potensial for auka verdiskaping, dei naturgitte fordelane Noreg har, og den store betydninga næringa har som distriktsnæring. Dette kan du lese meir om i Destinasjon Norge – Regjeringens reiselivsstrategi (side 17).

Innsatsområde 1: Organisering

Det er positivt at så mange av kommunane ønskjer å utvikle reiselivet. Sett med nasjonale auge må vi ta omsyn til at ikkje all lokal satsing på reiseliv blir lønnsam.

Ved samspel mellom ulike aktørar kan norsk reiseliv posisjonere seg betre i den stadig skjerpa internasjonale konkurransen om turistane. Samarbeidet mellom aktørar som allereie er inne i ei reiselivsnæring, bør stimulerast. Også andre næringar må trekkjast inn i samarbeidet, slik at investeringar kan utnyttast i reiselivet. Både myndigheitene og næringa må delta.

Destinasjonsselskapa spelar ei viktig rolle i denne samordninga. Eit døme er turistkontoret og destinasjonsselskapet for Lofoten.

Eit destinasjonsselskap er som regel eit aksjeselskap eller ei stifting der fleire kommunale/lokale reiselivslag går saman innanfor eit naturleg område (ein destinasjon) som ikkje er avgrensa av kommune- eller fylkesgrenser, men av aktivitets- og opplevingstilbod.

Innsatsområde 2: Opplevings- og reisemålsutvikling

Regjeringa meiner at reiselivsnæringa må ta hovudansvaret for produksjon av opplevingar. Samtidig er det mange offentlege tiltak og aktivitetar som påverkar dette.

Mange forhold påverkar produktutviklinga. Det er viktig å identifisere dei faktorane som avgjer om reiselivsnæringa skal lykkast med produktutviklinga si.

Dei viktigaste suksessfaktorane er:

  • samarbeid – i reiselivsnæringa og mellom reiselivsnæringa og andre næringar
  • bruk av eksisterande infrastruktur – investeringar som er gjorde på andre område i samfunnet, må gjenbrukast i utviklinga av reiselivsprodukt
  • kompetanse – dei tilsette er den viktigaste ressursen i utviklinga av reiselivsnæringa
  • kvalitet – ein føresetnad for at norske reiselivsprodukt skal vere internasjonalt konkurransedyktige
  • fellesgode – einigheit om korleis dei skal brukast og finansierast
  • kapitaltilgang – finansiering av dei gode prosjekta
  • tilgjengelege reisemål – turistane skal kunne finne lett fram til opplevingane

Innsatsområde 3: Sal og marknadsføring

Norsk reiseliv konkurrerer med utanlandsk reiseliv i mange land. For at kundane skal velje dei norske tilbydarane og dei norske opplevingane, må dei først og fremst vite om tilboda. Marknadsføring er grunnleggjande for å få kundane til å vurdere Noreg som reisemål.

Bruken av offentlege midlar til marknadsføring av Noreg som reisemål har auka i løpet av dei siste ti åra.

Internett har gjort det mykje enklare å selje opplevingar direkte til forbrukarane. Bruk av nettbaserte løysingar er derfor ein naturleg del av ein slik salsplan.

Bearbeiding av turoperatørar og reisebyrå er også viktig. Dei står i dag for eit betydeleg sal av norske ferieopplevingar. For at turoperatørane skal kunne tilrå Noreg til kundane sine, må dei ha kunnskap om Noreg og kjennskap til det norske reiselivsproduktet.

Læringsressursar

Internasjonal marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter