Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Internasjonal marknadsføringChevronRight
  4. Nordisk konkurranseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nordisk konkurranse

Dei skandinaviske landa blir oppfatta som ganske like av utanlandske turistar. Kva er Noreg sin styrke i konkurransen med nabolanda våre?

Familie besøker Legoland. Foto.

Turistattraksjonar

Utanlandske turistar opplever dei skandinaviske landa som ganske like. Korleis presenterer landa seg for turistane? Kva gjer nabolanda våre for å lokke til seg turistar? Kva oppfattar turistane som attraktivt?

Turistattraksjonar kan vere stader, gjenstandar og hendingar som har spesiell interesse for turistar. Typiske døme er historiske stader, monument, dyreparkar, fornøyelsesparkar, museum og kunstgalleri, byggverk (slott, skyskraparar, bruer), nasjonalparkar og natur.

I nærleiken av turistattraksjonane er det gjerne ein høg konsentrasjon av servicetenester retta mot turistane.

Kva er ein turistattraksjon?

Er Sverige «harry»?

Sverige er nordmenns mest besøkte ferieland og eit populært reisemål for heile familien. Mange reiser til Sverige for å handle. I 2002 uttalte dåverande landbruksminister, Lars Sponheim, at det var «harry» å dra på handletur til Svinesund. Fornamnet Harry blir i norsk slang brukt for å karakterisere ein person eller ei handling som «vulgær», «smaklaus» eller «udanna».

www.visitsweden.com kan du lese korleis Sverige presenterer seg som turistland.

Deilig å vere norsk – i Danmark

Med lun humor og sjølvironi har den 20 år gamle kampanjen «Det er deilig å være norsk – i Danmark» etablert seg som ei av Danmark sine sterkaste merkevarer. Dei siste åra har talet på norske overnattingar i Danmark lege stabilt på ca. 2,5 millionar per år.

Kva er det som gjer det så godt å vere norsk i Danmark? Er det eit godt glas mellom gode venner? Er det dei herlege, høge smørbrøda? Er det den danske haldninga til det gode liv? Er det dei endelause, kvite strendene? Er det feststemninga?

Lista er lang. Kva er ditt Danmark? På Facebook oppfordrar den danske turistorganisasjonen oss til å sende inn minne, opplevingar og reiser rundt omkring i Danmark.

Her kan du lese meir om korleis Danmark presenterer seg som turistland.

Landet med skogar og innsjøar

Nesten to tredjedelar av Finland er dekt av skog, og med 187 000 innsjøar er Finland det landet i verda som har flest innsjøar i høve til storleiken.

Her er eit døme på kva landet legg vekt på for å trekkje til seg turistar:

«Finland is full of interesting contrasts, such as the four seasons, the midnight sun and the period of darkness, urban and rural, East and West – you name it.»

Finland utfordrar Noreg sin «eigedomsrett» til midnattssola og nordlyset som turistmagnet. Her kan du lese meir om korleis Finland presenterer seg som turistland.

Læringsressursar

Internasjonal marknadsføring