Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Internasjonal marknadsføringChevronRight
  4. Korleis utvikle konkurransekraft?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis utvikle konkurransekraft?

Reiselivet må basere produkta sine på dei ønska og behova kundane har. Når vi har gode produkt, kan vi utvikle konkurransekraft med ulike metodar. Dei vanlegaste er merkevarebyggjing, profilering og marknadsføring.

Hurtigruta Hurtigruten ligger til kai ved Ørnes i Glomfjorden. Foto.

Mange vegar til Noreg …

Konkurransekrafta til norsk reiseliv kan utviklast på mange måtar. Dei viktigaste metodane er

  • merkevarebygging
  • profilering
  • marknadsføring

Ei kort historie om marknadsføring …

Merkevara Noreg

Ei god merkevare er kjenneteikna ved at produktet stemmer overeins med dei forventingane forbrukarane har til produktet. Merkevara Noreg lykkast når det vi leverer, stemmer overeins med forventingane turistane har til Noreg som reisemål. Merkevara Noreg skaper forventingar om korleis vi skal framstå som ferieland. Noreg skal først og fremst bli oppfatta som landet med rein, forfriskande og autentisk natur.

I åra som kjem, skal Noreg spele på å vere

  • ekte: naturleg, autentisk, genuin, ærleg, ujålete
  • vennleg: imøtekommande, gjestfri, empatisk, hjelpsam, sympatisk
  • nyskapande: kreativ, spennande, overraskande, moderne, framtidsretta

For dei prioriterte målgruppene skal norske reisemål først og fremst dekkje behova for opplevingar i rein og vakker natur, lokal kultur og levemåte og aktiv bruk av naturen.

Ideen er at ein ferie i Noreg skal tilfredsstille behovet for harmoni og ny energi.

Profilering

Noreg har eit svakt omdømme heller enn eit dårleg omdømme. Problemet er at nesten ingen veit om oss.

Staten bruker store summar i utlandet på å profilere Noreg som turistmål. Ved å auke kjennskapen til og kunnskapen om Noreg ønskjer ein å oppnå at utanlandske turistar får eit positivt inntrykk og vel Noreg som reisemål.

Innovasjon Noreg gjennomfører årleg ei vurdering av den internasjonale profileringa av Noreg som reisemål. Verkar ho slik det er meint? Er Noreg blitt meir kjent internasjonalt?

I vurderingsgrunnlaget inngår

  • makroøkonomiske betraktningar (BNP, valutakurs, prognosar for økonomisk vekst)
  • tilgjengelegheit til Noreg (fly, ferje)
  • kjennskap til Noreg som reisemål
  • kor stor marknaden er i dag (gjestedøgn)
  • forventa vekst i utgåande trafikk
  • internettpenetrasjon
  • kor villig reiselivsnæringa er til å investere i marknaden (delta i marknadsaktivitetar)

Marknadsføring

Marknadsføring er ei nemning på aktivitetar for å planleggje og gjennomføre marknadsundersøkingar, utvikle og påverke marknaden og distribuere produkt.

Marknadsføring handlar om å forstå kva ønske og behov kundane har, for så å tilby produkt som dekkjer behova. Utvalet av målgrupper (segmentering) er avhengig av

  • kven produkta eller tenestene er retta inn mot og kan passe for
  • storleiken på og marknadspotensialet til målgruppa
  • graden av eksisterande konkurranse om å dekkje behova til målgruppa
  • bedrifta si evne til å tilpasse distribusjon og kommunikasjon til gruppa ein satsar på

Det er brei einighet om at marknadsføring er viktig, men det er ueinigheit om korleis vi bør fordele satsinga mellom merkevarebygging, profilering og marknadsføring. Somme meiner at vi treng mindre omdømmebygging og merkevarestrategi og meir marknadsføring og sal. Andre meiner at reiselivet må satse meir på å betene kundane.

Ekstremsportveko på Voss
Trialsyklist på Ekstremsportveko på Voss – eit arrangement som trekkjer til seg utøvarar frå mange land, og ikkje minst tilskodarar. Ekstremsportveko har nådd fram til målgruppene!

Lenkjer:
Visit Voss

Ekstremsportveko

Læringsressursar

Internasjonal marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter