Norsk natur er eit konkurransefortrinn for norsk reiseliv, både estetisk og når det gjeld bruken av han. Noreg satsar på eit berekraftig reiseliv som tek omsyn til natur og miljø, sosiale verdiar og det å vere økonomisk levedyktig.

Norsk natur
Naturen har alltid vore eit grunnelement i norsk reiseliv. Norsk natur er eit vesentleg konkurransefortrinn for norsk reiseliv, både estetisk og når det gjeld bruken av han.
Mange meiner at norsk konkurransekraft byggjer på naturbaserte ressursar og fortrinn, og at dette er vårt viktigaste konkurransefortrinn i den internasjonale turismemarknaden.
Her kan du lese korleis Noreg presenterer seg som ferieland:
Kva meiner vi med berekraft?
Naturen er ein del av innhaldet i omgrepet berekraftig utvikling (engelsk: sustainability). Eit berekraftig reiseliv inneber at næringa skal leggje til rette for levedyktige lokalsamfunn på tre hovudområde:
- natur, kultur og miljø
- sosiale verdiar
- økonomi
Dei tre områda er likeverdige. Til saman beskriv ti punkt kva eit berekraftig reiseliv inneber. Her kan du lese meir om desse ti punkta.
Du kan lese meir om berekraft her:
Les meir om berekraftig reiseliv
Les meir om berekraftige reisemål i Noreg
Berekraft som konkurransefortrinn?
I regjeringa sin strategi for reiselivet er berekraft overordna. Det betyr at utvikling av Noreg som eit berekraftig reisemål er ein føresetnad for regjeringa sin næringspolitikk overfor reiselivsnæringa. Verdiskapinga i reiselivet skal skje på ein berekraftig måte og bli eit konkurransefortrinn for norsk reiseliv. Reiselivsnæringa skal vise at ho tek ansvar for både lokalmiljøet, kulturen og miljøet.
Nokre utvalde reisemål er med på eit prøveprosjekt og skal vise veg når det gjeld satsing på berekraft. Desse reisemåla jobbar med å finne gode mål og tiltak for å auke berekrafta si. Dei skal vise korleis ein samla kan marknadsføre at næringa tek ansvar for både lokalmiljøet, kulturen og miljøet.
I prosjektet Berekraftig reiseliv 2015 skulle fire pilotar – Trysil, Røros, Lærdal og Vega – leie utviklinga av eit meir berekraftig reiseliv og vere ein læringsarena for utprøving av mål, tiltak og måling av berekraft i reiselivet.
Berekraftig sertifisering
Reisemål som ønskjer å sertifisere seg, må dokumentere at dei innfrir dei ti prinsippa for berekraft. I tillegg må berekraftig utvikling vere forankra i kommunen og reiselivsnæringa.
Lenkje:
Oppstart av reisemålssertifisering i berekraftig reiseliv
Trysil starta opp ei nasjonal ordning for berekraftig sertifisering av reisemål saman med Røros, Lærdal og Vega.
Sertifiseringa inneber å svare på og dokumentere kriterium og indikatorar innanfor dei ti berekraftprinsippa, i tillegg til å dokumentere forankring og engasjement på politisk nivå og på destinasjonsnivå.
Læringsressursar
Internasjonal marknadsføring
Fagstoff
Utfordringar for norsk reiseliv
KjernestoffTenkje heilskapleg
KjernestoffKva meiner vi med konkurransefortrinn?
Kjernestoff- Kjernestoff
Berekraft som konkurransefortrinnDu er her
Korleis utvikle konkurransekraft?
KjernestoffNordisk konkurranse
KjernestoffInternasjonal konkurranse
KjernestoffRegjeringa si satsing
KjernestoffInnovasjon Norge
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Utfordringar for norsk reiseliv
KjernestoffTenk heilskapleg i nærmiljøet
KjernestoffKonkurransefortrinn
KjernestoffNorsk fortrinn?
KjernestoffKorleis utvikle konkurransekraft?
KjernestoffBerekraftig turisme i Skandinavia
KjernestoffInternasjonal konkurranse
KjernestoffRegjeringa si satsing
KjernestoffSatsingsområde for Innovasjon Norge
KjernestoffInternasjonal marknadsføring - kva har du lært?
Kjernestoff