Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Internasjonal marknadsføringChevronRight
  4. Tenkje heilskaplegChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tenkje heilskapleg

Norsk reiseliv må tilpasse seg turistane sine ønske. Internasjonale turistar etterspør heilskaplege opplevingar. Utvikling av heilskaplege opplevingar føreset eit tett samarbeid, både i det offentlege og mellom aktørane sjølve. Forsøk med heilskaplege reiselivstilbod viser at det er mogleg å skape fleire heilårige arbeidsplassar.

En person sitter i en stol på Hurtigruten og ser på nordlys. Foto.

Heilskapleg oppleving

Turistane ønskjer seg heilskaplege opplevingar. Krava til eit meir heilskapleg produkt er størst i dei internasjonale marknadene. Mangel på samordning blir derfor tydeleg overfor internasjonale turistar.

Allereie i 2007 slo regjeringa fast at vi må kunne tilby heilskaplege opplevingar for at Noreg skal bli valt som reisemål. Ein føresetnad for det er eit tett samarbeid, både i det offentlege og mellom aktørane sjølve.

Innovasjon Noreg har utarbeidd ein modell for marknadsorientert og heilskapleg utvikling av reisemål. Modellen finn du på side 18 i Hvitebok for reisemålsutvikling.

Eit heilskapleg reiselivstilbod inkluderer aktivitetar, attraksjonar, overnatting, mat og transport. Dei reisande skal oppleve at dei ulike elementa er meir attraktive saman enn kvar for seg.

Forsøk med heilskaplege pakketilbod

Mange reiselivstilbod er sesongavhengige og har få heilårige arbeidsplassar.

Forsøk med heilskaplege reiselivstilbod viser at det er mogleg å skape fleire heilårige arbeidsplassar. Myndigheitene har støtta forsøk som tek sikte på samarbeid om utvikling og marknadsføring:

  1. Før turistane kjem: gjere det enklare for potensielle gjester å velje Noreg.
  2. Når dei kjem: gjere det enklare å ta seg fram (tilgjengelegheit).
  3. Når dei er her: sikre verdifulle opplevingar.

I regjeringa sin strategi «Destinasjon Norge», side 14–15, kan du lese om prosjektet «Helhetlig pakketilbud» – eit forsøk som er gjennomført fire stader: Oslofjorden, Finnmark, Finse og Helgeland.

Formålet med forsøka var å stimulere til samarbeid om å lage attraktive pakketilbod til turistar. Det var også viktig at prosjekta eigna seg til å setje eigen region på noregskartet og Noreg på verdskartet.

Dersom Noreg skal vinne fram i ein stadig sterkare internasjonal konkurranse om turistane, må vi kunne tilby attraktive totalopplevingar.

Oppgåve:
Heilskapleg pakketilbod

Bakgrunn:

  • pilotprosjektet «Helhetlig pakketilbud»
  • regjeringa sin strategi «Destinasjon Norge»

Spørsmål:

Korleis kan reiselivet i ditt nærmiljø (distrikt, region) dra nytte av erfaringane frå pilotprosjektet «Helhetlig pakketilbud»?

Læringsressursar

Internasjonal marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter