Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Internasjonal marknadsføringChevronRight
  4. Utfordringar for norsk reiselivChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utfordringar for norsk reiseliv

Høgt kostnadsnivå er ei utfordring i konkurransen om turistar. Noreg konkurrerer med land som er langt billegare enn oss. Det er ei nasjonal oppgåve å fange merksemda til internasjonale turistar. Utfordringa vedkjem både myndigheiter og private – nasjonalt så vel som lokalt.

Stigfossen i Trollstigen

Samle Noreg til eitt rike

Norsk reiseliv er prega av to viktige forhold: ein unik natur og eit høgt kostnadsnivå. I konkurransen om turistar er naturen ein fordel og kostnadene ei utfordring. Det slår regjeringa fast i sin strategi for reiselivet, Destinasjon Norge.

Noreg konkurrerer med land som er langt billegare enn oss, og som er flinke til å leggje til rette transport, overnatting og servering for turistane. Både i offentleg og i privat sektor er det svært mange aktørar som deltek i utvikling og drift av norsk reiseliv. For å lukkast med norsk reiseliv må alle stå saman og trekkje i same retning.

Nasjonale utfordringar

Uansett kva strategi norsk reiseliv vel, er det ei utfordring å fange merksemda til internasjonale turistar. Det er ei nasjonal oppgåve.

På nasjonalt nivå har reiselivet mellom anna desse utfordringane:

  1. Sterk konkurranse: Noreg er i sterk konkurranse med andre land om å trekkje til seg turistar.
  2. Lite kjent: Noreg og norske attraksjonar er lite kjent i turistmarknaden.
  3. Dyrt som ferieland: Det norske kostnadsnivået er høgt, og den norske krona står høgt i kurs samanlikna med valutaen i andre land. Prisen på varer, tenester og lønningar er høgare enn hos konkurrentane våre.
  4. Svak marknadsorientering: Vi må utvikle heilskaplege reiselivsprodukt som er baserte på ønske og behov i prioriterte marknader.
  5. Lite heilskapstenking: Den offentlege innsatsen er splitta på fleire departement, staten, fylkeskommunane og kommunane som aktørar.

Det er ei utfordring å samordne ulike offentlege sektorar som har med norsk reiseliv å gjere.

Lokale utfordringar

Reiselivet i Noreg er ujamt fordelt. Medan byar og sentrumsnære område klarar seg godt i konkurransen, slit enkelte distrikt.

Kommunen har ei viktig rolle i lokal tilrettelegging av reiselivet, med særleg ansvar for

  • infrastruktur som vegar, vatn og avløp, avfallshandtering, stiar og løyper, nasjonalparkar og lokale attraksjonar
  • turistinformasjon og vertskapsfunksjon
  • marknadsføring
  • planlegging og rammevilkår

Norske kommunar vil svært gjerne satse på reiselivet, men det store engasjementet for reiselivsnæringa er svekt av for dårleg kunnskap om kva som skal til for å få ei vellukka utvikling av reiselivsnæringa.

Gårdsvei
Setesdal er éin av dei ni regionane som er kartlagde i rapporten frå Mimir. Her frå Setesdalsmuseet i Valle.

Rapporten Kommunenes rolle i reisemålsutvikling frå Mimir AS kartlegg kommunane si rolle i reisemålsutvikling gjennom ein studie av ni utvalde regionar: Innherred, Sør-Helgeland, Sunnfjord, Ryfylke, Hallingdal, Varanger, Setesdal, Lister og Nordfjord. Rapporten peikar på utfordringar knytte til kompetansen i kommunane meir enn til engasjementet i kommunane.

Lenkjer:
http://www.mimir.no/
http://www.innovasjonnorge.no/Reiseliv/

Læringsressursar

Internasjonal marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter