Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Internasjonal marknadsføringChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Internasjonal marknadsføring

Norsk reiseliv marknadsfører Noreg som et reisemål for turister som er interesserte i aktiv bruk av vakker og rein natur saman med lokal kultur og levemåte. Det er ei nasjonal oppgåve å fange merksemda til internasjonale turistar. Både myndigheiter og private, nasjonalt og lokalt, må bidra.

Turister ved skulpturen Monolitten i Vigelandsparken i Oslo. Foto.

Regjeringa meiner at reiselivsnæringa er viktig for verdiskapinga i Noreg, av stor betyding for distrikta, og at Noregs naturgitte fordelar må brukast aktivt i reiselivssatsinga. Norsk natur er konkurransefortrinnet til norsk reiseliv, mens vårt høge kostnadsnivå er ei utfordring.

Innovasjon Norge, som er representert i alle norske fylke og i over tretti land, profilerer Noreg som reisemål. Ved å auke kjennskapen til og kunnskapen om Noreg, ønsker ein å oppnå at utanlandske turistar får eit positivt inntrykk og vel Noreg som reisemål.

Norsk reiseliv må tilpasse seg turistane sine ønske. Internasjonale turistar etterspør heilskaplege opplevingar. Det er også eit auka fokus på berekraftig reiseliv og økoturisme.

Suksessfaktorar for å lykkast med internasjonal marknadsføring er blant anna samarbeid mellom dei aktuelle aktørane, anerkjenning av kompetansen til dei tilsette, kvalitet i alle ledd, lett tilgjengelege reisemål, investeringsvilje og -evne i utviklinga av reiselivsprodukt.

Læringsressursar

Internasjonal marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter