Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. ReiselivssegmentChevronRight
  4. Behov for ferieChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Behov for ferie

Når vi seier at vi har behov for ferie, kan det tyde på at vi er slitne og har behov for rekreasjon. Eit følt behov for ferie kan dekkast på mange ulike måtar.

Par ligger utslitt på hotellseng. Foto.

Her er nokre døme på korleis eit behov for ferie kan bli dekt:

  • tur til sol og varme i Syden
  • campingferie saman med nære vener
  • fisketur med bestevenen eller sonen
  • fottur i fjellet med kjærasten
  • oppleving av kulturminne i inn- og utland
  • aktiv ferie, eller forlystingar og latmannsliv

Viss du er svolten og tørst, er det lett å forstå at mat og drikke vil løyse problemet. Hvis du føler deg trøytt og sliten, finst det mange moglege løysingar. Kanskje bør du slutte å røyke og leve sunnare? Kanskje bør du begynne å trimme? Kanskje treng du ferie?

Viss du vel ferie som løysing på å vere trøytt og sliten, er det mykje å velje mellom. Vegen kan vere lang og kronglete frå et følt behov til kjøp av eitt bestemt ferieprodukt.

Tenk over

Sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen påstår at ferievanene avslører oss. Sjølve reisemålet og måten vi vel å feriere på, kan fortelje noko om statusen vår i samfunnet, eller snarare: kva for status vi ønskjer å ha, korleis vi vil at andre skal sjå oss (Dagsavisen 9. juli 2012).

Å forstå feriemotiv

Kva er drivkrafta når vi kjøper reiselivstenester? Det blir sagt at to hovudmotiv styrer valet vårt av ferie: flukt og søken. Vi flyktar frå kvardagen og søkjer kvalitetar vi finn andre stadar.

Fem spesifikke motiv er vanlege å trekkje fram for feriereiser:

  • Vi vil lære, sjå og oppleve noko nytt.
  • Vi vil flykte frå daglege hendingar og omgjevnadar.
  • Vi vil løyse problem i dagleglivet.
  • Vi vil vedlikehalde og stadfeste familieband og vennskap.
  • Vi vil bli kjent med nye menneske.


Kjelde:

Haukeland, J. V. (1993). Den norske feriedrømmen (TØI-rapport 1993:164). Oslo: Transportøkonomisk institutt TØI.

Læringsressursar

Reiselivssegment