Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. ReiselivssegmentChevronRight
  4. Ulike marknadarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike marknadar

Ein reiselivsaktør kan selje produkta sine til andre verksemder eller til privatpersonar. Næringslivskundane deler vi inn i bedriftsmarknaden og institusjonsmarknaden. Dei private forbrukarane høyrer til forbrukarmarknaden.

Kvinne som arbeider mens hun er på ferie. Foto.

Forbrukarmarknaden

I forbrukarmarknaden er kundane private forbrukarar, det vil seie privatpersonar som til dømes deg, familien din og vennene dine. Det som blir kjøpt inn, blir betalt med eigne private middel og går til privat forbruk.

Vanlegvis antak vi at forbrukarane på denne marknaden opptrer som menneske, og at kjøpsåtferda derfor er lite rasjonell og delvis styrt av behov og lyster. Eit døme på eit forbrukarkjøp er når du kjøper ei feriereise.

Bedriftsmarknaden

I bedriftsmarknaden er kundane private bedrifter. Med private bedrifter meiner vi her bedrifter som ikkje er offentlege. Private bedrifter kan vere både store og små, og dei kan ha ulike organisasjonsformer (til dømes aksjeselskap, allmenne aksjeselskap, enkeltpersonføretak, ansvarlege selskap eller samvirkeføretak).

Dei varene og tenestene som blir kjøpte inn, skal brukast av ulike personar i bedrifta. Det kan til dømes vere ein flytur eller eit hotellopphald i samband med ei forretningsreise.

Innkjøp i bedriftsmarknaden føresetjast å vere meir rasjonelle enn innkjøp i privatmarknaden. Bedrifta sine innkjøpsansvarlege bruker tid og ressursar på å gjere dei mest lønnsame innkjøpa. Det blir forventa at det berre er det som er nødvendig som blir kjøpt inn.

Institusjonsmarknaden

I institusjonsmarknaden finn vi offentlege bedrifter. Dei er underlagde strenge krav som det offentlige set til innkjøp. Krava gjeld uansett om den offentlege bedrifta er stor eller lita, og uansett kva slags ho har.

Det blir kjøpt inn ulike varer og tenester som inngår i dei offentlege tilsette sine forretningsreiser.

Som i bedriftsmarknaden er institusjonsmarknaden sine kjøp basert på fornuft og nøye vurderte behov. Innkjøp skjer enten etter ein anbodskonkurranse, ved hjelp av forhandlingar (når det er vanskeleg å leggje ut eit anbod fordi produktet ikkje kan beskrivast fullstendig) eller ved hjelp av direkte anskaffingar (når kjøpesummen er under ein viss storleik).

Læringsressursar

Reiselivssegment