Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. ReiselivssegmentChevronRight
  4. Kva meiner vi med segmentering?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva meiner vi med segmentering?

Her skal vi sjå nærmare på korleis ulike segment (målgrupper) vel ulike reisemål.

Ung kvinne jobber med statistikkdiagrammer på datamaskin. Foto.

Ordet segment stammar frå det latinske segmentum, som betyr «avskore stykke, del av noko».

Kakediagram som er delt inn i seks like store deler. Illustrasjon.

Å segmentere ein marknad er å dele ei stor gruppe i fleire mindre grupper.

Segmentering betyr altså å dele marknaden inn i mindre delar. Eit marknadssegment er ein del som har spesielle kjenneteikn som skil seg frå resten av marknaden.

Repetisjon segmentering: Segmentering.

Val av feriemål kan til dømes variere med alder og inntekt. Ungdom og pensjonistar vel ofte ulik ferie. Inntekta vår påverkar kor lang ferie vi tar, kor langt vi reiser, kor dyrt vi bur og et, og så vidare.

Segmentering

Det er vanskeleg å utforme eit reiselivsprodukt som alle turistane blir “superhappy” med. Reiselivsaktørane må derfor bestemme seg for kva for grupper dei ønskjer å nå, og kva for behov i disse gruppene tilboda deira skal dekkje.

Ulike ønske og behov gir oss grunnlag for å dele ei stor gruppe inn i undergrupper. Skal det vere til hjelp i utvikling av eit reiselivsprodukt, må vi ordne undergruppene ut frå kva dei har felles.

Ei norsk reiselivsverksemd kan selje reiselivsprodukt til folk som bur i Noreg, og folk som kjem hit på feriebesøk. Norske turistar, som ferierer i sitt eige heimland, er eit eige segment med ønske og behov som er annleis enn for dei utanlandske turistane.

Dei utanlandske turistar kan igjen delast inn etter nasjonalitet. Turistar frå USA, Kina, Frankrike og Tyskland har ulik kulturbakgrunn, noko som kanskje gjer at dei har ulike ønske for ferien. Å gjere ei slik inndeling kallar vi å segmentere ein marknad.

Ei grundig segmentering gir oss kunnskap om kundane, og vi får eit grunnlag for å bestemme kva for målgrupper vi ønskjer å satse på.

Tenk over

Ei verksemd som skal selje reiselivsprodukt, må spørje seg:

Kva for segment i marknaden skal vi satse på?

Kva for produkt skal vi selje til dette segmentet?

Svara vi får, gir oss grunnlag for å prioritere sal av visse produkt til visse marknadar.

Det finst mange system for segmentering. Innan “naturbasert reiseliv” har Innovasjon Norge delt inn i grupper etter følgjande interesser:

  • Utandørsaktivitetar (ski, vandring, sykling)
  • Kulturinteressert (lokal kultur, historie, kunst)
  • Lohas (livsstil innan helse og berekraft - berekraftig økoturisme, interesse for økologi og lokalprodusert mat)
  • Lokalmat (skandinavisk mat)

I oktober 2017 publiserte Innovasjon Norge sin nye segmenteringsrapport "Activating the Norway Brand - A Global report on holiday needs and segments". I denne rapporten kan du blant anna lese meir om korleis dei har delt inn dei reisande i Noreg etter interesser.

Læringsressursar

Reiselivssegment

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter