Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. ReiselivssegmentChevronRight
  4. MasseturismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Masseturisme

Med masseturisme tenkjer vi nok først og fremst på pakketurar med fly til Syden, til middelhavslanda og Kanariøyane. Men før store passasjerfly gjorde det mogleg å frakte mange turistar til populære reisemål, gjekk pakketurane med buss.

Strandliv på Las Palmas, Gran Canaria. Foto.

Pakketur til Syden

I Skandinavia var ein dansk pastor – kjend som Tjæreborgpresten – først ute med å arrangere pakketurar til sørlege, varmare strøk. Etterspørselen etter eit slikt tilbod var stor, og allereie året etter etablerte han sitt eige busselskap. Dei første åra var Spania og Middelhavskysten dei viktigaste reisemåla. Etter overgangen til charterfly overtok Mallorca.

«Skål, Oline, for vår første ferie på 31 år!» Charterturistar på veg ut av flyet for å feriere på Mallorca i 1961. Oline vann tu
«Skål, Oline, for vår første ferie på 31 år!» Charterturistar på veg ut av flyet for å feriere på Mallorca i 1961. Oline vann turen i ein konkurranse i eit vekeblad.

Utviklinga av større og raskare passasjerfly førte med seg ei ny form for masseturisme basert på lågpristransport til fjerne reisemål. I 2012 reiste totalt cirka 850 000 nordmen på pakketur i sommarferien.

Grøn masseturisme?

Masseturismen har gjort det billeg for oss nordbuarar å reise til varmare strøk. Men samtidig som tilstrøyming av mange turistar kan forbetre lokal økonomi, fører det også til stor slitasje – økologisk og sosialt.

I dei seinare åra er det utvikla nye former for turisme som tek omsyn til miljøutfordringane:

  • grøn turisme
  • økoturisme
  • geoturisme

Tenk over

Korleis kan masseturismen bli «grønare»?

Læringsressursar

Reiselivssegment