Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. ReiselivssegmentChevronRight
  4. Turisme i Noreg på 1800-taletChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Turisme i Noreg på 1800-talet

Dei første turistane som kom til Noreg på 1800-talet, var engelskmenn som oppsøkte den norske villmarka. Korleis opplevde dei det?

Utsikt over en fjord mot Kvikne Hotell, Balestrand med fjell som stiger opp bak. Foto.

Engelske turistar

Dei første engelske turistane på 1800-talet klatra i fjell, fiska, jakta og gjekk lange fotturar. I byrjinga såg nordmenn undrande på dette. Det oppstod eit ordtak: «Anten er han spikande galen, elder so er han engelskmann».

Jakt, fiske og fjell

I 1880 kom det to unge engelskmenn for å gå over det eksotiske fjellriket The Jotunheim. Med aurefiske, rypejakt og reinjakt levde dei eit fritt liv i fjellheimen. Historia er godt kjend frå reiseskildringa Tre i Norge ved to av dem – ein vaskeekte klassikar for deg som er interessert i reiselitteratur.

I andre halvdel av 1800-talet var Storbritannia sjølve Imperiet med stor I, medan Noreg var Villmarka med stor V. Stadig fleire representantar for Imperiet reiste på dristige ekspedisjonar i Villmarka, og ikkje så reint få av dei skreiv bøker om opplevingane sine. Nokre av desse bøkene er verkeleg perler – klassiske reiseskildringar med spenstig jakt og fiske. Her kjem to av dei i ei og same pakke:

Møter Jo på Gjende

les meir

Bergen, sommaren 1859. Francis M. Wyndham kjem i seglskute for å gjere verkelegheit av sin mangeårige draum om eit opphald i norske høgfjell. Draumen fører han inn i Jotunheimen, kor han møter budeier, reingjetarar og sjølvaste Jo Gjende.

Wyndham skildrar møta med både menneske og natur med respekt og ovundring, iblanda britisk humor og passe dosar vantru over kva desse nordmennene kan finne på. Det finst fleire grunnar til at forfattaren har teke turen over Nordsjøen. Jakt er ei av dei. Han er ein lidenskapeleg jeger, og Noreg har litt av kvart å by på. Jakt på så forskjellige artar som rype og bjørn blir omtalt med stor innleving, men til sjuande og sist er reinsjakta den viktigaste.

Wyndham er fleire dagar i lag med Jo Gjende i bua hans ved Gjendin, og er fullav ovundring over den aldrande storjegeren. Men det var neppe legenda Gjende forfattaren henta dette tipset frå: «Om vinteren på snøføre bør man ha på det fottøy som brukes av arktiske reisende: Et par store mokasiner og et stykke ullteppe viklet om føttene.»

Noreg har i det heile litt av kvart å by på, til dømes flora, fauna og flatbrød. Christiania, derimot, er ein heilt uinteressant, liten by.

Læringsressursar

Reiselivssegment

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter