Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. ReiselivssegmentChevronRight
  4. Reiser: frå krig til fornøyelseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Reiser: frå krig til fornøyelse

Her skal vi sjå korleis reiseverksemda har utvikla seg, og korleis den moderne turismen begynte.

Tre personer i rib i Lofoten. Foto.

Reise = oppbrot, krigstokt

I 7932 står ein munk på halvøya Lindisfarne utanfor Nord-England og ser ut over det stille havet. Alt er tilsynelatande rein idyll. Midt i synsranda ser han eit smalt og langt skip som nærmar seg raskt. Skipet legg til land i den vesle bukta sør for klosteret, og barske menn med spyd og skjold hoppar i land. Munken anar uro og spring tilbake til klosteret for å åtvare dei andre. Nokre få timar seinare er klosteret plyndra, munkane brutalt myrda, og alt av verdisaker er røva. Vikingtida – med sine omfattande handels- og plyndringstokt – har begynt.

Vi kan slå fast at vegen er lang frå vikingplyndringa til dagens berekraftige turisme.

Du kan lese meir her.

Formidabel utvikling

Omgrepet turisme (tourism) oppstod sannsynlegvis i England på byrjinga av 1700-talet. Privilegerte unge engelskmenn fylte ofte tida mellom avslutta utdanning og starten på ein karriere med ei reise rundt i Europa – ein såkalla Grand Tour. Gjennom omfattande notat gjorde James Boswell erfaringane sine frå ei slik reise kjende. Den første guideboka til europareisa, skriven av Thomas Nugent, kom ut i 1749 med tittelen Grand Tour.

Fram til første halvdel av 1800-talet dominerte individuelle forretnings- og studiereiser. Handelsfolk kjøpte og selde varer over heile verda.

Det første reisebyrået

Verdas første reisebyrå, Thomas Cook, blei oppretta i Storbritannia i 1841. Nye reisemål kom til etter kvart, blant anna Egypt, Hellas, Palestina og Skandinavia. Omkring 1860 begynte reisebyrå i Storbritannia og USA å arrangere gruppereiser som varte opptil eit halvt år.

Utbygginga av jernbane- og dampskipsamband bidrog til ein sterk auke både i utflytting og feriereiser i siste halvdelen av 1800-talet. Det blei bygd mange nye hotell, og det blei lagt stor vekt på å gi reisene eit luksuriøst preg. Reisebyrå begynte å utdanne lokale omvisarar, og spesielle reiseleiarar tok seg av praktiske og kulturelle arrangement undervegs.

Læringsressursar

Reiselivssegment

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter