Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. EtikkChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Etikk

Det har vore mykje fokus på etikk i klesindustrien, og spesielt bruk av barnearbeid har vore kritisert. Reiselivsnæringa har ikkje vore så mykje omtalt, men også her er det mange etiske utfordringar. Blant anna har næringa vore kritisert for dårlege lønns- og arbeidsforhold.

Barnehender i produksjon av kinaputter. Foto.

Barn sine rettar er svært viktige, og er skrivne ned i FNs Barnekonvensjon. Denne konvensjonen har dei fleste land i verda underteikna, men barn sine rettar blir likevel ofte brotne. I etisk handel er det derfor svært viktig at alle aktørar undersøkjer under kva slags forhold varer og tenester blir produserte.

Initiativ for etisk handel (IEH) er ein organisasjon som har som formål å fremje ansvarlege leverandørkjeder slik at internasjonal handel bidreg til å vareta menneske- og arbeidstakarrettar, berekraftig utvikling og forsvarleg miljøhandtering. (Opphavsmann: IEH)

IEH har utarbeidd etiske retningslinjer som ein viktig reiskap for å fremje god etisk praksis. Retningslinjene bidreg til ei bevisstgjering omkring etiske spørsmål. Noko av turismen i dag går på kostnad av lokalbefolkninga, i motsetnad til etisk turisme som er turisme som er til fordel for den lokale befolkninga og det lokale miljøet.

Vi skal i dette emnet sjå på reiselivsnæringa si handtering av etiske utfordringar, både på område der det finst lovar og reglar, og der det ikkje gjer det. Ei handling kan vere uetisk sjølv om ho er lovleg. Vidare skal vi diskutere norske bedriftsleiarar sine haldningar til samfunnsansvaret og etisk praksis. Respekterer dei menneskerettar og miljøomsyn i global handel?

Læringsressursar

Etikk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter