Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Sals- og marknadsrettChevronRight
  4. Digital marknadsføring i reiselivetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Digital marknadsføring i reiselivet

En kvinne sitter ved et bord med nettbrett og en kopp. Foto.

Oppgåve 1

Ta utgangspunkt i eigne erfaringar innanfor reiselivet.

Oppgåver:

  • Gi døme på reiselivsselskap som bruker digital marknadsføring.
  • Registrer kva for digitale verktøy og kanalar reiselivsselskapa bruker.
  • Drøft kva for verktøy og kanalar som er mest brukte av ungdom.

Oppgåve 2

  • Reiselivsbloggar – kva er det?
  • Er ein reiselivsblogg marknadsføring? Forklar.

Oppgåve 3

Gruppeoppgåve: Konkurransar på Facebook

  • Gå inn på Facebook og finn døme på reklame med konkurranse.
  • Gi ei kortfatta beskriving av kva konkurransen går ut på.

Drøft:

  • Korleis vurderer du lovlegskapen av kampanjane?

Oppgåve 4

Kven blir vist øvst?

Gå inn på ein søkjemotor og bruk forskjellige søkejord, til dømes «sydenferie», «flytur», «vidaregåande skule».

Drøft:

  • Kva kjenneteiknar dei ti øvste annonsørane?
  • Kva er grunnen til at akkurat desse blir vist øvst?
  • Kan ei slik rangering ha etisk tvilsame sider?

Oppgåve 5

Omsyn til barn

Drøft og gi døme frå eige nærmiljø på praksis ved nettsal til barn under 18 år.

Spørsmål:

  • Blir lovar og reglar følgde?
  • Viss ikkje: Kven er det som sviktar?
  • Kva kan gjerast for å få seljarar til å følgje lovar og reglar?

Oppgåve 6

Kva kostar reisa?

Vi tenkjer oss at du skal bestille ei flyreise frå Noreg til ein storby i eit anna land. Gå inn på nettstaden til minst to forskjellige flyselskap, eit lågprisselskap og eit «vanleg» flyselskap.

  • Korleis blir prisen for dei enkelte elementa presenterte (avgifter, bagasje, reservere sete, servering om bord, gebyr, rabattar og så vidare?)
  • Kva blir totalprisen for kvart av selskapa for ei reise til same stad og på same dato?

Oppgåve 7

Endring og avbestilling

Ta utgangspunkt i flyreisa frå Noreg til ein storby i eit anna land.

  • Korleis blir prisen for seinare endringar og avbestilling presentert?
  • Korleis blir du gjort merksam på angreretten?

Oppgåve 8

Flyreise – har eg gitt samtykke?

Vi tenkjer oss at du er bonusmedlem hos eit flyselskap som gir deg ei rekkje fordelar.

  • Drøft om flyselskapet har rett til å sende deg tilbod via e-post.

Oppgåve 9

Hotell – har eg gitt samtykke?

Vi tenkjer oss at du ved eitt tilfelle har overnatta på eit hotell langs E6. Det var første gongen du brukte dette hotellet, som høyrer til ei større kjede. Nokre veker seinare får du eit gunstig tilbod på e-post frå hotellkjeda sitt hovudkontor.

  • Drøft om overnattinga på hotellet gjer at kjeda kan rekne det som eit kundeforhold som gir ho rett til å sende deg tilbod på e-post.

Oppgåve 10

Like god informasjon?

Gå inn på nettsida til minst to av turoperatørane Startour, Apollo og Ving. Vel eit reisemål med stor turisme, til dømes ein storby eller ei av Kanariøyene.

Les nøye informasjonen om reisemålet, transporten, innkvarteringa og andre forhold som er av betyding for val av turoperatør.

Drøft: Kven gir den tydelegaste og lettast forståelege informasjonen?

Oppgåve 11

Reserver deg

Gå inn på Reservasjonsregisteret og følg tilvisinga for å reservere deg mot uønskt reklame.

  • Viss du ønsker å reservere deg, kan du fylle ut skjemaet.
  • Viss du ikkje ønsker å reservere deg, kan du nøye deg med å sjå korleis registeret verkar.

Oppgåve 12

Gjeldande rett

Overbooking, innstillingar og omruting: Kva kan du krevje av flyselskapet ditt?

Forbrukerrådet reise.

Oppgåve 13

Etiske bedrifter?

Drøft og gi døme på reiselivsbedrifter som:

  • tenkjer og handlar etisk
  • har ei altruistisk haldning til forretningsdrifta si

Læringsressursar

Sals- og marknadsrett

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter