Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Sals- og marknadsrettChevronRight
  4. Juss og etikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Juss og etikk

Alt som er lov, er ikkje utan vidare etisk høgverdig. Her gir vi innsikt i kva som er meint med juridisk og etisk tenking – og forholdet mellom dei.

Justitia, statue. Foto.

Juridisk tenking

Juss handlar om kva som er gjeldande rett, det vil seie kva som er lovleg, og kva som er ulovleg. Fleire lover og forskrifter fortel kva som er gjeldande rett. Vi finn Noregs lover på Lovdata.no.

For å finne gjeldande rett må vi også undersøkje kva som står i førearbeida til lova, kva som er rettspraksis (avgjerder ved domstol), sedvane (kutyme) og reelle omsyn i den aktuelle saka. Du kan lese meir her om juss og etikk.

Etisk tenking

Alt som er lovleg, treng ikkje å vere etisk haldbart. Ved ei etisk tilnærming spør vi:

  • Er handlinga god eller dårleg?
  • Er det sant eller usant?
  • Vil det vere det beste for alle det vedkjem?

I samband med marknadsføring kan vi finne svar på mange etiske spørsmål ved å spørje: Kven vil tene på ei handling?

Ei etisk fullverdig marknadsføring tek omsyn både til seljar og kjøpar.

Repetisjon frå Vg1 – Rotarys fire spørsmål om kva som er etisk haldbart: Etiske utfordringar på jobben

Både lovleg og etisk

Vi kan seie at ei etisk vurdering inneheld to dimensjonar:

  1. Er handlinga lovleg?
  2. Er handlinga etisk?

Ei etisk vurdering kan starte med ei vurdering av om det er lovleg. I somme ferieland er det lov å røykje i bussar og drosjer. Tenk deg at ein turist røykjer i bussen ein varm sommardag. Ein passasjer klagar fordi han er veldig allergisk. Røyking er lovleg, men er det også akseptabelt ut frå omsynet til ein sjuk medpassasjer?

Dersom vi gjer ei ulovleg handling, eller strekkjer grensene til lova til det ytste, kan vi som regel gå ut frå at handlinga også er uetisk. Vi ser i denne samanhengen bort frå at sivil ulydnad kan vere etisk forsvarleg i heilt spesielle situasjonar.

Læringsressursar

Sals- og marknadsrett

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter