Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Sals- og marknadsrettChevronRight
  4. TelefonsalChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Telefonsal

Mange kjenner seg plaga av telefonseljarar. Marknadsføringslova gir forbrukarar tilgang til å reservere seg mot uønskt direkte marknadsføring.

Bilde av sint mann i telefon

Reservasjonsregisteret

Forbrukarombodet får mange klager på uønskt telefonsal. Når vi driv sal og marknadsføring på telefon eller med adressert post, skal vi oppdatere adresseregisteret vårt mot Reservasjonsregisteret for direktemarknadsføring.

Forbrukarar kan reservere seg på nettsida til Brønnøysundregistra, eller ved å ringje Brønnøysundregistra på telefon 75 00 75 00.

Brønnøysundregistra: Reservasjonsregisteret mot telefonsal og adressert reklame

Den som registrerer seg i Reservasjonsregisteret, kan opplyse om at reservasjonen likevel ikkje skal gjelde marknadsføring til inntekt for frivillige organisasjonar.

Kunden skal enkelt og gebyrfritt ha høve til å reservere seg mot slike førespurnader. Dette gjeld også for innsamlingsaksjonar til frivillige organisasjonar.

Reservasjon i Reservasjonsregisteret gjeld ikkje marknadsføring når det eksisterer eit kundeforhold.

Oppdatere adresseregister

Det er forbode å rette marknadsføring med telefon eller adressert post til personar som har reservert seg mot dette i Reservasjonsregisteret eller direkte hos den næringsdrivande.

Verksemder som driv direkte marknadsføring, pliktar å oppdatere listene sine mot Reservasjonsregisteret minst kvar månad.

Marknadsføringslova §§ 12 og 13 gjer greie for retten til reservasjon og verknader av reservasjon. § 14 har ein regel om at det er forbode å rette marknadsføring ved telefon til forbrukarar på visse dagar og tidspunkt. Det gjeld blant anna på laurdagar og helgedagar og verkedagar før kl. 09.00 og etter kl. 21.00.

Marknadsføringslova § 12, § 13 og § 14

Telefonsal – sjå video på YouTube.

Læringsressursar

Sals- og marknadsrett

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter