Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Sals- og marknadsrettChevronRight
  4. PakkereiserChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Pakkereiser

Det er spesielle reglar for marknadsføring av pakkereiser i pakkereiselova. Lova stiller bestemte krav til kva kundane skal ha informasjon om før det blir gjort avtale, og før reisa startar.

Charterfly i lufta. Foto.

Kva er ei pakkereise?

Den såkalla pakkereiselova (lov om pakkereiser og reisegaranti) gjeld for tilbod om pakkereiser. Med ei pakkereise meiner vi ei reise/ eit arrangement som varer i meir enn 24 timar og omfattar minst ei overnatting, som inneheld minst to av følgjande reisetenester:

  1. transport
  2. innkvartering som ikkje eintydig er eit ledd i ei transportteneste
  3. andre turisttenester som utgjer ein vesentleg del av arrangementet, men som ikkje er direkte knytt til transport eller innkvartering

Pakkereiselova gjeld når reisetenestene blir sette saman av éin næringsdrivande, og i nokre tilfelle også når reisetenestene blir inngåtte som separate avtalar med ulike aktørar, jf. pakkereiselova § 6 .

Alle som sel pakkereiser i Noreg, skal vere medlemmer av Reisegarantifondet.

Annonsering eller anna form for marknadsføring av pakkereiser kan berre gjerast når nødvendig reisegaranti er stilt. I marknadsføringa frå ein turarrangør skal det komme fram at det er stilt reisegaranti.

Katalogar og brosjyrar

Katalogar og brosjyrar skal innehalde tydeleg og forståeleg informasjon om pris, reisemål, transportar, innkvartering, måltid, reiseplan, innreisereglar, betalingsvilkår og vilkår om minste tal på kundar. Opplysningar som er gitt i katalogar eller brosjyrar eller anna informasjonsmateriell som arrangøren har utarbeidd eller viser til, blir rekna som ein del av avtalen med mindre opplysningane kan ha vore utan betyding for avgjerda til kunden om å vere med på pakkereisa.

Før avtale blir gjord

Før avtalen blir gjord, skal reisearrangøren gi kunden informasjon om avtalevilkåra og om viktige praktiske forhold som har noko å seie for pakkereisa.

Døme: pass, helsemessige formalitetar og liknande, krav om visum. Avtalevilkåra skal stadfestast skriftleg eller på annan tydeleg måte. Dersom avtalen er skriftleg, skal kunden ha utlevert kopi av han.

Før pakkereisa tek til

I god tid før pakkereisa skal ta til, skal reisearrangøren gi kunden opplysningar om transportarrangement, forsikringar og om korleis kunden kan komme i kontakt med arrangøren under pakkereisa. Kunden skal også få namn og adresse på lokale representantar dei kan vende seg til dersom det oppstår problem. Det skal også opplysast korleis pårørande, dersom kunden er mindreårig, kan komme i kontakt med arrangøren eller ein lokal representant for arrangøren.

Læringsressursar

Sals- og marknadsrett

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter