Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Sals- og marknadsrettChevronRight
  4. E-postChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

E-post

Reklame på e-post og SMS er svært vanleg. Marknadsføringslova set grenser for kven vi kan sende slik reklame til, og korleis vi kan hente inn private adresser.

Kvinne foran en dataskjerm. Foto.

Reklame som e-post, SMS og MMS

Direkte reklame og sal via e-post, SMS og MMS kan vere effektivt fordi vi kan kommunisere direkte med utvalde kundar. Dersom du har reist til Syden med ein turoperatør, får du seinare sannsynlegvis jamlege tilbod på e-post. Det same får du frå jernbana, fly- og busselskap og andre reiseselskap når du er kunde hos dei. Dersom du blir sett på som ein god kunde, får du gjerne gunstige spesialtilbod tidlegare enn andre kundar.

Men marknadsføringslova (§ 15) set grenser for kven vi kan sende e-post til. Vi kan sende reklame via e-post når

  • mottakaren er næringsdrivande og ikkje ein fysisk person. Vi kan alltid sende reklame til e-postadresser av typen post@firma.no.
  • mottakaren er ein person som har samtykt i å ta imot reklame
  • det eksisterer eit kundeforhold mellom avsendar og mottakar

Dersom vi adresserer e-post til ein person som ola.nordmann@firma.no, er kravet at det anten må vere samtykke eller eit kundeforhold. .

Marknadsføringslova § 15

SPAM

Uønskt reklame og annan masseutsend informasjon som ikkje er godkjend av mottakaren, blir kalla SPAM. Omgrepet blir hovudsakleg brukt om uønskt masseutsend e-post, men det omfattar også masseutsendingar på diskusjonsforum som Usenet, blogger, wiki og så vidare.

SPAM er eigentleg eit varemerke for kokt skinke frå firmaet Hormel Food Corporation i USA. Namnet blei teke i bruk i 1937. Det er billig, har hatt eit frynsete rykte og blir sett på som fattigmannskost. Når spam er assosiert med uønskt e-post, kjem det av ein sketsj av Monty Python.

Innhente samtykke

Det er fleire krav til korleis ein skal hente inn samtykke:

  • Mottakaren skal ha gitt samtykke før vi sender ut reklamen.
  • Førespurnad om samtykke kan ikkje rettast i ein e-post, men må hentast inn via heimesida til bedrift eller liknande.
  • Forbrukaren skal gi samtykke ved å gjere ei aktiv handling, til dømes ved å krysse av i eit felt på heimesida til bedrifta.

Dersom du bestiller sydentur eller reise på tog, buss og fly, er det vanleg at du kan krysse av for å få tilsendt reklame. Når du kryssar av, har du gitt samtykke.

  • Samtykket må kunne trekkjast tilbake når som helst.
  • Barn under 15 år kan ikkje samtykkje til å ta imot reklame på e-post.

Reglane gjeld også telefaks og automatisert oppringingssystem (talemaskin). Med automatisk oppringingssystem meiner vi automatisk oppringing til telefonabonnentar med automatisk avspeling av ein innspelt marknadsføringsbodskap når kunden tek telefonen.

Kva er eit kundeforhold?

Når vi har informert kunden om at vi vil bruke elektronisk marknadsføring, kan vi sende reklame for våre eigne produkt eller tenester innanfor same området som kundeforholdet byggjer på.

Eitt enkelt kjøp er som regel ikkje nok til at vi kan seie at det er eit kundeforhold. Kva som blir rekna for eit kundeforhold etter lova, er det døme på i retningslinjene frå Forbrukarombodet:

  • ein løpande avtale der kundepleia gjer det nødvendig med ein viss kommunikasjon mellom partane, til dømes abonnement, kontoavtalar, forsikringsavtalar, serviceavtalar, avtale om fast bidrag til ideelle organisasjonar / fast givaravtale, medlemskap og bonuskortordningar
  • et kjøp av større gjenstandar, typiske kapitalvarer som det gjerne følgjer serviceavtalar med
  • gjentekne kjøp av billege forbruksartiklar innanfor korte tidsrom, til dømes kjøp av mobile innhaldstenester når forbrukaren har kjøpt tre enkelttenester på 30 dagar eller har hatt eit abonnement i 30 dagar samanhengande

Vidare må ein gå ut frå at kundeforholdet tek slutt når ein løpande avtale eller eit medlemskap tek slutt. Det same gjeld dersom ein serviceavtale går ut eller det har gått så lenge sidan kunden gjorde sitt siste kjøp at det ikkje lenger er naturleg med kontakt mellom kjøpar og seljar.

OBS! Det kan ikkje stillast som eit vilkår for eit kjøp at kunden aksepterer å ta imot reklame.

Læringsressursar

Sals- og marknadsrett

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter