Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Sals- og marknadsrettChevronRight
  4. SøkjemotorarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Søkjemotorar

Marknadsføring i søkjemotorar kan vere effektivt. Dei vanlegaste metodane er annonsar og søkjemotoroptimalisering. Den som sel blant anna ringjetonar, logoar, spel og liknande via nett og mobil, skal sjekke at kunden ikkje er mindreårig.

Notblokk der det er skrevet SEO Search Engine Optimization. Foto.

Søkjemotormarknadsføring

Søkjemotorar leitar fram nettsider på Internett som passar med eit gitt søk basert på søkjeord. Vi kan søkje på heile Internett (Google og Yahoo), eller innanfor ein bestemt nettstad, til dømes ein nettbutikk, eit oppslagsverk eller ei nettavis.

Søk kan til dømes gjerast innanfor eit bestemt tema eller eit produkt, etter illustrasjonar (foto, teikningar) eller etter prisar.

Marknadsføring i søkjemotorar blir kalla søkjemotormarknadsføring, og har to hovudformer:

  • søkjemotoroptimalisering
  • annonse i søkjemotorar

Mange nettstader baserer seg på inntekter frå små bannerannonsar som er klikkbare og fører til nettstaden til annonsøren. Betalinga blir berekna per klikk (cpc – cost per click). Annonsøren betaler for talet på klikk på annonsen.

Søkjemotoroptimalisering

Den mest kjende forma for søkjemotormarknadsføring er Google Ad Words. Vi vel søkjeord som skildrar produkta eller tenestene, og angir eit budsjett per klikk og totalt for ein tidsperiode. Når potensielle kundar søkjer etter det vi tilbyr, er det mykje meir sannsynleg at dei ser annonsen vår.

Selskap som driv søkjemotorar tener pengar blant anna ved å selje søkjeord. Eit firma eller ein organisasjon betaler for å bli vist øvst på resultatlista når nokon søkjer på eit bestemt ord. Vi betaler for kvart klikk på annonsen vår. Vi set opp eit budsjett og justerer det etter kvart som vi ser resultata.

Søkjemotoroptimalisering er å bruke metodar som gjer at ei nettside eller fleire nettsider blir meir synlege eller oppnår ei høgare «ranking» på resultatsidene til søkjemotoren.

Omsyn til barn

Det er veldig enkelt å kjøpe ringjetonar, logoar, spel og liknande via nett og mobil. Den som sel ringjetonar og liknande via mobil, skal sjekke at kunden ikkje er mindreårig. Alle mobiloperatørar skal ha tilbod om å registrere barn som mindreårige brukarar på mobilabonnement. Barn under 18 år kan ikkje ha abonnementsavtale.

Marknadsføringslova er tydeleg på dette området: Det er forbode å ta med i reklame direkte oppmodingar til barn om å kjøpe annonserte ytingar eller å overtale foreldra eller andre vaksne til å kjøpe dei annonserte ytingane til dei.

Læringsressursar

Sals- og marknadsrett

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter