Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Sals- og marknadsrettChevronRight
  4. Sosiale mediumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosiale medium

Kommunikasjon på sosiale medium har hatt ein eventyrleg vekst. Marknadsføring på sosiale medium gir gode høve for målretta reklame. Det er spesielle reglar for konkurransar på sosiale medium. Vi skal sjå korleis annonsøren kan kontrollere budsjettet sitt.

Illustrasjon på sosiale medier. Foto.

Marknadsføring i sosiale medium

Sosiale medium bruker Internett eller nettbasert teknologi for kommunikasjon og sosial omgang mellom to eller fleire menneske. Brukarane deler informasjon og taggar eller kommenterer bilete, artiklar eller anna innhald.

Mange menneske bruker sosiale medium, og sosiale medium har mykje å seie som kanal for marknadsføring.

I sosiale medium er det brukarane som skaper innhaldet. Ikkje sjeldan er innhaldet av personleg eller privat karakter.

Mange brukarar av sosiale medium er kritiske til marknadsførarar som blandar seg inn i dei private samtalane deira. Dette må marknadsførarane ta omsyn til. Det krev takt og tone å trengje seg inn i private rom for å selje produkta sine.


Facebook

Facebook gir gode høve for målretta marknadsføring: Vi kan velje kjønn, alder, bustad, sivilstatus og interesser.

Ein annonsekampanje blir betalt etter ein bodmodell. Annonsøren set ei maksimal grense i kroner per klikk og eit maksimalt beløp for ein kampanjeperiode, til dømes ein månad. Annonsøren kan når som helst endre desse grensene eller stanse kampanjen. Det gir god kontroll på marknadsføringsbudsjettet og lønnsemda.

Når kampanjen er i gang, kan vi optimalisere resultata gjennom kontinuerleg testing, måling og analyse.


Konkurransar

Konkurransar er eit effektivt verkemiddel for trekkje til seg «likarar» (tilhengjarar/følgjarar). Her finn du ei oversikt over Facebook-konkurranser på nettet.

Dei viktigaste reglane for slike konkurransar er:

  • Konkurransen må gå føre seg på ei separat underside (fane, applikasjon).
  • Du kan ikkje krevje at brukaren liker sida di for å delta i konkurransen.
  • Du kan ikkje kontakte vinnaren gjennom Facebook.
  • Vinnaren kan ikkje kårast ved reint tilfeldig trekning/lotteri.

Den som bryt reglane, risikerer å få sida stengd ned av Facebook. Her kan du lese heile regelverket.

Alt som er lov, er ok?

Dersom du deltek i ein konkurranse på Internett, risikerer du å bli oversvømt av tilbod frå ulike leverandørar. Vi melde oss på ein konkurranse som eit eksperiment. Det gjekk fram at dei som deltok på konkurransen, sa seg villige til å ta imot ulike tilbod, men det gjekk ikkje fram kva produkt som blei tilbodne. Vi fekk e-posttilbod blant anna om lån, billeg straum, sydentur, bokklubb, abonnement på aviser og mobiltelefon, betalt husleige i eitt år, bustadalarm, treningstøy og treningsstudio.

Det viste seg at arrangøren hadde adresse i Finland. Dei fleste tilboda var uaktuelle for mottakaren. Somme av tilboda var baserte på loddtrekning. Mange av e-postane kom frå konstruerte namn, kanskje frå ikkje-eksisterande personar?

Læringsressursar

Sals- og marknadsrett

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter