Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Sals- og marknadsrettChevronRight
  4. Blogging for salChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Blogging for sal

Mange ungdommar følgjer med på bloggar. Enkelte rosabloggarar blir lesne av mellom 10 000 og 80 000 lesarar. Bloggarar som tener pengar på å skrive om varer og tenester, skal merkje dette som reklame.

Rosablogger

Rosablogging – skjult marknadsføring?

Blogging er utbreidd blant ungdom. Mange bloggar ser ut som ei personleg dagbok. Ser vi nærare etter, skjuler dagboka ofte reklame for bestemte produkt. Det kan vere kort veg frå å lese ein produktomtale på ein blogg til å kjøpe vara på nettet.

Rosabloggarar skriv om sin eigen kvardag, utsjånad, sminke og motar. Dei er opptekne av korleis moteklede og sminke gjer deg vakrare og meir lykkeleg. Enkelte rosabloggarar er svært populære. Dei mest lesne bloggarane har mellom 10 000 og 80 000 lesarar kvar dag. Dei trekkjer derfor til seg produsentar som ønskjer å plassere produkta sine i bloggen.

Ikkje alle rosabloggarar får tydeleg fram at dei får betalt for å skrive positivt om klede, sminke og pleieprodukt. Skjult marknadsføring er brot på § 3 i marknadsføringslova.

www.lovdata.no – marknadsføringslova

Du kan lese meir om rosablogg her.

Forbrukarombodet protesterer

Mangelfull merking av reklame har vore vanleg hos mange toppbloggarar. Bloggarar som tener pengar på å skrive om varer og tenester på bloggen sin, er etter marknadsføringslova forplikta til å merkje dette som reklame. Forbrukarombodet har utarbeidd ei rettleiing om merking av bloggmarknadsføring.

Merking av reklame i sosiale medier - forbrukertilsynet.no

Her blir det blant anna slått fast at du skal merkje innlegg som reklame:

  • når du får betalt for å skrive om eit produkt eller ei teneste
  • når du får gratis produkt eller tenester, til dømes gratis sminkeprodukt eller treningsabonnement, mot å skrive om dette
  • når du lenkjer til produkt og du kan få betalt dersom lesarane klikkar på lenkja eller kjøper produktet via lenkja di

Blogginnlegg skal merkjast for at lesarane tydeleg skal oppfatte at det er snakk om reklame:

  • Bruk klare og tydelege ord, som «reklame» eller «annonse».
  • Merk reklameinnlegga øvst.
  • Bruk tydeleg skrift og tilnærma same skriftstorleik som resten av blogginnlegget.

HUGS!

Marknadsføringslova gjeld alle medium, trykte så vel som elektroniske. Dei same reglane gjeld dersom du til dømes reklamerer for produkt via sosiale medium.

Læringsressursar

Sals- og marknadsrett

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter